Erling Lægreid er død

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erling Lægreid døydde fredag føremiddag. Han kjende seg uvel og døydde etter at han var komen fram til Legevakta i Oslo.

Med det er ein av dei mest markante NRK-journalistane borte.

Erling Lægreid vart fødd 5. september 1939, og voks opp på Årdalstangen. Han var både forfatter og journalist, og jobba frå 1970 i NRK til han gjekk av med pensjon i 2009.

Han starta i Barne- og Ungdomsavdelingen og var programleiar i «Ungdommens Radioavis», Flimra og Søndagsavisa.

Han var også med på å etablera radiomagasin som Ekko og Dagsnytt 18 og har vore ansvarleg for ei rekke kulturprogram i P1 og P2.

Han var kjend som ein uredd og kompromisslaus intervjuar, og ikkje minst for sine uredde kåseri i Dagsnytt 18 – alltid på sitt eige og karakteristiske morsmål.

Han har gjeve ut desse bøkene: «Då Noreg gjekk av skaftet», 1993, «Bak maska» (en samling radiokåserier), 1994, «Han», 2006, «Nærgåande skisser», 2011.

Han fekk mykje åtgaum for den siste boka, og skulle mellom anna ha vitja Sogn for å prata om denne boka i helga.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Faktaboks

Les meir i Allkunne og Wikipedia om Erling Lægreid!