Julia Dahr følgde ein familie i Kenya gjennom det som skulle vera regntida, for å setja fokus på klimaendringane. Her kan du sjå filmen!

mm

– Det hastar å få ein bindande klimaavtale med gode mål og system for insentiv, seier Julia Dahr, leiar i Spire og regissør av filmen Wind of Change, som viser korleis klimaendringane påverkar ein bondefamilie i Kenya.

– Eg følgde Kisilu og familien hans i ein månad under det som skulle vere regntida i Kenya. Det viste seg likevel å bli veldig lite regn og all maisen familien hadde planta døydde. Dette er berre eitt døme på ekstremvêr som følgjer av klimaendringane, seier Julia Dahr til Framtida.no.

I kveld viser Spire og Changemaker filmen i Oslo, og arrangerer debatt med Jostein Gaarder, Lars Haltbrekken frå Naturnvernforbundet, representantar frå olje- og energidepartementet og frå miljøverndepartemet. Jan Egeland skal vera ordstyrar.  

Fryktar for framtida
Julia Dahr svarar dette på spørsmål om kva familien ho filma tenkte om framtida:

– Det var tydeleg at Kisilu, familiefaren, og Christina, familiemora, var redde for at det kunne bli verre, men dei gjorde det dei kunne for å ikkje vise dette ovanfor borna og kvarandre. Dei kan ikkje gje opp, men er nøydde til å møte utfordringane med pågangsmot og klimatilpassingstiltak.

– Kisilu er difor medlem av minst ti ulike landsbyforeiningar der dei saman jobbar for å finne løysingar for korleis dei best mogleg kan tilpassa seg tørka som følgjer av klimaendringane, fortel Julia Dahr, og fortel at ein av tinga dei har gjort er å byggje eit drivhus.

LES OGSÅ: Vil visa kjekk kvardag i Kabul

– Kven har ansvaret for klimaendringane?

– Spire meiner at Vesten må ta hovudansvaret sidan det er me som har bidrege til hovuddelen av klimagassutsleppa og me dessutan har mest ressursar å bidra med.

– Kisilu og Christina var likevel ikkje så opptekne av å fordela ansvar, dei var meir opptekne av at dette er eit globalt problem der alle nasjonar må gå saman for å finne ei løysing, og der kvart individ og kvar familie må gjere det dei kan for å motverka klimaendringane. Kisilu sjølv planta masse tre for å blant anna bidra til mindre CO2.

Vanskeleg å kommunisera
Arnold Schwarzenegger sa på Zerokonferansen på måndag at miljørørsla har vore for lite flinke til å spreie engasjement for grøne løysingar. Kva seiar du til dette?

– Eg kan vera samd i at miljørørsla ikkje har vore gode nok i å spreie engasjement i kampen mot klimaendringane. Dette trur eg kjem av at det er vanskeleg å kommunisera behovet for endring sidan vi sjølv i litan grad følar klimaproblema på kroppen. Dette er grunnen til at Spire har laga Wind of Change.

– Dokumentaren er laga for å bringe klimautfordringane nærmare kvardagen vår og på den måten gjere det dagsaktuelt igjen. Me har trua på at det å sjå på nært hald korleis ein slik fantastisk familie strevar og kjempar, vil vekke kjensler hos mange og at desse kjenslene kan munne ut i engasjement og handling.

– Ved å vekkje kjenslene til folk kan ein få eit engasjement som kjem innanfrå, og ikkje frå ytre krav om å leve moralsk.

LES OGSÅ: Samlast i kampen for klimaet

– For ei tid tilbake var klima verkeleg i vinden og mange snakka om det, no har det for mange vorte eit forbigåande tema. Dette ynskjer vi å gjere noko med, legg Julia til.

Sjå filmen Wind of Change under:

Wind of Change from Julia Dahr on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE