Juryen i Kringkastingsringen meiner at Morten Sandøy har hatt ansvaret for at nyheitsspråket i TV 2 har fått eit nynorsk preg over seg.
– Det er hyggjeleg å bli lagt merke til i den forstand at det er ein fagleg pris. Eg tolkar det like mykje som ei påskjønning for eit godt språk, som å bruka nynorsk eller bokmål, seier prisvinnaren til TV 2 .
Morten Sandøy har vore i TV 2 sidan oppstarten i 1992, og har vore anker i nyheitssendingane, utanriksreporter og programleiar i Lørdagsmagasinet. (NPK)
Oppdatert:
onsdag 24. mai 2017 15.33