Tømmer Noreg for ingeniørar
Behovet for ingeniørar er så stort i oljebransjen at andre næringar og offentleg sektor får lide.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oljenæringa støvsyg marknaden for arbeidskraft. Både bilmekanikarar og flymekanikarar blir henta til petroleumsindustrien.
Oljeindustrien i Noreg sysselset direkte og indirekte over 250.000 personar og står for ein tredel av inntektene til staten og over femti prosent av eksporten, skriv Teknisk Ukeblad .
Bedrifta FMC Technologies utanfor Bergen rekrutterer åleine rundt femti nye medarbeidarar i månaden, for det meste ingeniørar, og ventar å tilsetje mellom 400 og 600 personar neste år.
– Særleg er verkstadpersonell med mekanisk bakgrunn attraktive. Her finn vi godt kvalifisert personell i andre bransjar som vi rekrutterer frå. Til ingeniørstillingar rekrutterer vi ein god del nyutdanna og ein del meir erfarne frå olje- og gassindustrien, seier kommunikasjonssjef Andreas Helgesen.
Behovet for kvalifisert arbeidskraft i petroleumsindustrien skaper problem for andre verksemder ettersom det er vanskeleg å konkurrere med dei høge lønningane.
Kommunikasjonssjef Arve Christensen i ingeniørorganisasjonen Nito er bekymra.
– Nesten kvar annan kommune har éin eller fleire ledige ingeniørstillingar. Det går ut over planlegginga. Nybygging blir forseinka, og vedlikehald av kritisk infrastruktur i kommunane blir utsett, seier han.
Er oljeindustrien i Noreg for stor?