– Vil ikkje leggja ned pelsdyrnæringa

Regjeringa kjem ikkje til å foreslå å avvikla pelsdyrnæringa i landbruksmeldinga, som blir lagt fram om kort tid.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter det fleire «sentralt plasserte kjelder» avisa Nationen har snakka med fortel, vil det ikkje bli lagt føringar i meldinga om å avvikla næringa, sjølv om både Sosialistisk Venstreparti (SV) og Arbeidarpartiet (Ap) har fatta vedtak om det. Dermed ligg det an til at Senterpartiet (Sp) får viljen sin i denne saka.

– Sp kjem ikkje til å leggja fram ei landbruksmelding som legg ned pelsdyrnæringa, stadfestar næringspolitisk talsperson i partiet, Irene Lange Nordahl, til avisa.

Ifølgje Nationen blir meldinga truleg lagt fram den 25. november.

Ved sida av SV og Ap, er også Venstre for å avvikla den omstridde pelsdyrnæringa. Høyre, Sp, Kristeleg Folkeparti (KrF) og Framstegspartiet (Frp) vil vidareføra næringa, men Frp ønskjer på si side å avvikla den statlege støtta. (©NPK)

Kva meiner du om pelsdyroppdrett?