Raddisar, veggisar og rotehovud

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi som har gått på folkehøgskule har hatt ein korridor. Sjølv om senga knirka, nokon spelte musikken du hata alt for høgt, det ikkje alltid var at varmt vatn i dusjen og gardinene var stygge. Så var det dette som var heimen din.

Trass folkehøgskulerom, som peisestove, spisesal, symjehall, klasserom og multimedierom. Så er det på eit rom og ein korridor at ein bur, og kanskje på eit forunderleg vis høyrer heime. Ein ser film til langt på natt, et nonstop, drikk nokre av folkehøgskuleårets mange hundre tekoppar, ein får dei nydelege venene og dei gode ideane, og ein dekorerar.

Post-it og pirat
Det med dekorasjon er viktig. Korridorar med respekt for seg sjølv skal dekorerast. Med sjokoladepapir, teikningar, intern humor, plakatar og post-it lappar. Alltid med post-it lappar.

På Veum 4 på Sund Folkehøgskole står bebuarane sine gebursdagar på post-it lappane. Kjetil, Lukas, Helene, Kristina, Helle, Thea Marie, Harald, Håkon, Ida Elise, Cato og Knærten.

I tilegg til sjørøvarkunst. For korridoren hadde nett arrangert ein sjørøvarkveld, og då var ingenting meir naturleg enn skattekart, sjørøvarskute og ta planken på veggane.

Best
Dei har eigen gruppe på Facebook, dei har vinnarinstinkt og dei har heilt sikkert internhumor. Sjølv om det har budd mange elevar på romma deira sidan 1974, er det berre dei som er Veum 4 no.

Eg er framleis heilt overbevist om at korridoren min var den beste, då eg gjekk på den same skulen for eit par år sidan.

LES OGSÅ: 10 råd for livet på folkehøgskule

Alle folkehøgskule har superkorridorar, alle kull har superkorridorar. Det er berre det, at ikkje alltid alle er einige om kven superkorridoren er. For Veum 4 er det enkelt, dei meiner dei er best.

– Vi er den ryddigaste korridoren. (på folkehøgskulen deira er det nemleg vaskesjekk). Vi er så bra at folk hatar oss, ler elevane (sjølvsagt ikkje ondskapsfullt).

Folk
Folkehøgskule er folk. Det er folk med skjerf, ullsokkar og finurlege t-skjorte. Det året eg gjekk på folkehøgskule, var det logisk og ha på seg joggesko, blondeskjørt og raud anorakk. Samtidig. Det var meir logisk å hekle seg ei luve, enn å smette på seg høghelte støvlettar.

– Nokre av oss er raddisar, mange er veggisar og nokre er litt rotete. Men vi er nok ganske opne alle saman, for nye impulsar og for å vera med på det som skjer. Slik skildrar bebuarane seg sjølve.

Rom
Frå romma kjem det kanskje musikk. Det går an å ha både keyboard, boomblaster og høgtalarar på eit rom. På Veum 4 har det vore meir Norah Jones enn tekno i år.

Når ein gluttar inn, er det seng, skrivebord, vask og klesskåp. Og så alt det andre: plakatar, sjokolade, krus, bilete av familie og vener, og kanskje den eller dei som bur der.

Det eg ikkje fann på Veum 4, på dørar og oppslagstavle, det var det myteomspunne rotekartet. Kanskje finst det – løynd i eit kleskåp, eller det er der mentalt bak dei breie smila åt bebuarane.

Det kartet ein ikkje vil hamne, eller i det minste ikkje få or mange strekar, eller kanskje vil hamne på litt slik i smug likevel.

Rytmen
Det å gå på folkehøgskule handlar om mange ting. Det handlar om å finne seg sjølv og vegen vidare. Det handlar om å ha god tid til å gjera ingenting, eller mange ting.

Av og til handlar det om å ha eit prosjekt, om det er å løyse Rubiks kube, lære om verda, sjå alle episodane av Sex og Singelliv, eller perfeksjonere trommeteknikken.

– Ein må vera meir sosial her, det går rett og slett ikkje og halde seg unna, fortel ein av bebuarane på Veum 4.

For det er menneska det handlar aller mest om på folkehøgskule. Dei som er i same rytme som deg. Som du kan spele med, drikke dei uendelege tekoppane med, danse med og gjera ingenting med. Det var menneska som var mitt folkehøgskuleår, og det er menneska som er Veum 4.

LES FLEIRE SAKER OM FOLKEHØGSKULE!