Karavane for klima får merksemd

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter starten i Nairobi for vel ei veke sidan, er klimakaravanen kome fram til Zambia i dag.

I helga køyrde dei over høgslettene i Malawi. På vegen har dei passert Kilimanjaro, og deltakarane fekk sjå det berømte fjellet på avstand. Isbreen på toppen av Kilimanjaro krympar på grunn av klimaendringane, noko som fører til flom i elvane som renn ned frå fjellet. David Wainaina frå Changemaker Kenya synst utviklinga er faretrugande.

– Når elvane frå Kilimanjaro går over breiddene, går det ut over levebrødet til menneska som bur der. Vi må gjera noko no for å stoppe klimaendringane, seier han.

LES OGSÅ: I karavane for klimaet

Konsert i Dar es Salaam
Framme i Dar es Salaam var det klart for turen sin andre karavanekonsert, med både lokale artistar og artistar som er med på karavanen. Visepresident i Tanzania, Mohamed Gharib Bilal, var æresgjest på arrangementet. Han signerte kampanjen og snakka om korleis klimaendringane rammar alle i Tanzania.

– Klimaendringar er noko som gjeld oss alle, og for oss som nasjon er klimaendringane ei stor utfordring, sa Mohamed Gharib Bilal, ifølgje Kirkens Nødhjelp sine heimesider.

Visepresidenten bad ungdomane om å sende ei klar melding til toppmøtet i Durban.

Viktig plattform
David Wainaina meiner kampanjen er med på å gje afrikansk ungdom ei felles stemme.

– Denne kampanjen gjev oss ungdomar ei plattform der vi kan seie tydeleg frå om at klimaendringane gjeld oss. Og denne gongen, på COP17, talar vi med ei stemme.

Målet med klimakaravanen er å mobilisere det sivile samfunnet til å krevje ein rettferdig og juridisk bindande klimaavtale under toppmøtet. Dei stoppar på mange ulike plassar undervegs, held konsertar og samlar underskrifter. Med på reisa er 50 norske ungdomar frå Kirkens Nødhjelp, Changemaker og KFUK-KFUM.

Steinar Grastveit frå Changemaker i Noreg er med på karavanen. Han synest det er bra at karavanen går gjennom Afrika.

– I forkant av eit slikt viktig møte er det viktig at sivilsamfunnet blir høyrt. Generelt er det viktig at stemmene frå heile verda blir høyrt, og når COP17 denne gongen blir arrangert i Afrika, meiner eg det er spesielt viktig at synspunkt frå denne delen av verda blir teke med i debatten, seier han.

Ba om leiarskap
Opphaldet i Malawi ble avslutta med ein stor konsert på nasjonalstadionen til Malawi, der både kyrkjeleiarar og miljøvernministeren var tilstades. Ein av deltakarane som hoppa på karavanen i Malawi, Heather Maseko, gjekk på scenen og bad verdas leiarar om å leia oss gjennom COP17 og om å sikra ein juridisk bindande klimaavtale.

– Vi må handla no for å redde min generasjon og generasjonar som kjem etter oss, sa Heather Maseko.

Karavanen har fått mykje oppmerksomhet på reisen så langt, fortel Bergit S. Sveinseid. Då busssne skulle køyra frå Tanzania, oppdaga deltakarane at dei var førstesidestoff i ein av landets største aviser, The Guardian. Karavanen håper å mobilisera endå fleire menneske på vegen til Durban.

Faktaboks

160 ungdomar er på veg frå Nairobi, Kenya til Durban, Sør-Afrika med buss som ein del av We have Faith. Act now for climate justice-kampanjen. Dei skal halde konsertar og samle underskrifter undervegs. Alt for å skape merksemd rundt COP17 i desember.

Klimatoppmøtet COP17 finn stad i Durban i Sør-Afrika i månadsskiftet november/desember.

Målet med årets konferanse er å koma vidare med arbeidet med å bli samde om forpliktande tiltak som kan redusera klimautsleppa. Eit sentralt punkt vil vera ei vidareføring av Kyoto-avtalen.

Changemaker er ungdomsorganisasjon til Kirkens Nødhjelp, for ungdom mellom 13 og 30 år.

Changemaker jobbar for å endra dei grunnleggjande årsakene til fattigdom og urett i verda.