Færre får hjelp frå faglærar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvalitetsreformen som vart innført i 2003 innebar ei klar endring med tanke på studieinnhald og oppfølging. Det vart lagt opp til større grad av oppfølging frå lærestaden si side og betre rettleiing av den enkelte student. Den nye undersøkinga «Levekår blant studenter 2010» frå Statistisk sentralbyrå, tyder likevel på at reforma ikkje har lukkast så godt som den skulle.

Ifølge undersøkinga tok færre studentar i 2010 kontakt med faglærar eller forelesar for faglege spørsmål enn i 2005. Berre 16 prosent tok kontakt ein gong i veka, medan tilsvarande tal for 2005 var 22 prosent. Studentane leverer også sjeldnare oppgåver til vurdering til faglærar eller gruppeleiar. 32 prosent hadde levert oppgåve for vurdering minst ein gong i månaden i 2005, medan berre 23 prosent gjorde det same i 2005.

Studentar og forelesarar blir også i mindre grad enn før kjent med kvarandre. 16 prosent av studentane i undersøkinga seier dei har blitt godt kjent med forelesarane sine, medan 18 prosent svarte det same i 2005. 39 prosent meiner dei har blitt litt kjent med forelesarane, medan det tilsvarande talet frå 2005 var 44 prosent.

– Det er synd. Dette er ei utvikling ingen ønskjer, seier leiar for Norsk studentorganisasjon, Kim O. Kantardjiev.

Han påpeikar at kvaliteten på utdanninga blir dårlegare, og at fråfallet frå studia blir større når studentane ikkje får kontakt med forskingsmiljøet.

Årsaka til den uheldige utviklinga, meiner han ligg i at dei økonomiske bevilgningane til lærestadane ikkje har auka i takt med talet på studentar. Samtidig peikar han på at forelesarane må gjera seg tilgjengelege.

– Dei vitskaplege tilsette vera klar over ansvaret dei har, og prioritera å møta studentane, seier Kantardjiev.

«Levekår blant studenter 2010» er laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

LES SAKA I STUDVEST!