Årets vanskelegaste spørsmål

Anders Linga
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Joda, eg veit du har høyrt alt dette før, men det kan aldri seiast for ofte. Det er mange uløyste samfunnsproblem i Noreg, men det er rimeleg openbart at få er av materiell art. Sjølv om det diverre er enkelte unntak, og alle dei unntaka må ha meg unnskyldt, lev dei fleste nordmenn eit liv folk i andre deler av verda ikkje eingang er i stand til å drøyma om.

Sjølv om dei materielle skilnadene er enorme, er dei nok ekstra store og synlege akkurat i høgtida me (i følgje butikkane) berre er få dagar unna. Ei undersøking viser at nordmenn i fjor brukte over 14 milliardar berre på julegåver. Dette talet får nordmenns årlege kollektive sjølvoppfatningseksplosjon, TV-aksjonen, til å verka rimeleg patetisk med årets totalbidrag på 200 millionar.

Eg innrømmer det glatt, eg er såpass egoistisk at eg sjølvsagt ønskjer meg ting til jul, i staden for meir politisk korrekte ting som eit fadderbarn i Afrika eller ei gåve i mitt namn til Kirkens Bymisjon. Så eg skal nok komma på noko eg vil ha i år også, det er ikkje det. Men tenk litt over det neste gang ølprisen har gått opp med tre kroner eller mobilen din vart kjøpt så tidleg som i 2009; kva ønskjer du deg eigentleg til jul i år?