Noregs beste til å lesa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Resultatet frå dei nasjonale prøvene i lesing kom førre veke, og dei viser at årets 8. klasse ved Rauland skule ligg heilt i landstoppen.

Torsdag kom meldinga om at 8. klasse ved Rauland skule var heilt i landstoppen då resultata frå dei nasjonale prøvene i lesing blei offentlege. Saman med Kongsberg internasjonale skule låg dei øvst blant alle skulane i landet med eit poengsnitt på 4,2 der 5 er høgast og landssnittet ligg på 3,1.

Det finst som alltid mange forklaringar på kva som gjer at elevar blir gode lesarar. Men kva trur elevane sjølve er årsaka til dei gode resultata?

– Mykje leselekser. Det er ikkje så moro, men det verkar, seier Lawrence Mulba.

Gjeld alle fag
Andre peikar på at klassa er jamn når det gjeld lesedugleik, og ei sterk satsing på lesing alt frå 1. klasse. Dei har også ei klar haldning til at det er viktig. Eivind Vaa gjev svaret som viser at eit av dei viktigaste omkveda i læreplanen frå 2006, Kunnskapsløftet, har nådd gjennom til elevane:

– Det er lesing i alle fag – naturfag, samfunnsfag, ramsar han opp, og ville nok gjort både Clemet og Halvorsen stolte.

For hovudmålet med dei nasjonale prøvene i lesing har ikkje berre med norskfaget å gjere. Målet er å kartlegge elevanes dugleik i å finne informasjon i tekstar, tolke og forstå tekstar, og reflektere over og vurdere tekstars form og innhald. Her er det ikkje snakk om berre skjønnlitteratur, men også diagram, figurar og tabellar, korte tekstar og lengre tekstar, leksikontekstar og artiklar.

Lite hokus pokus
Leif Isaksen har vore lærar for klassa heilt sidan dei gjekk i 4. klasse. I år har han fylgd dei over i ungdomsskulen i nokre fag for å gjere overgangen enklare for elevane. Han er ikkje vidare begeistra for dei nasjonale prøvene, men forklarar at han trur resultata av prøvene i lesing dette året kjem av langvarig arbeid med miljøet i klassa.

– Resultata kjem ikkje av noko hokus pokus, men av at me har bygd undervisninga vår på tri pilarar: God, fast klasseleiing, ein lærar som kan faget sitt og god oppbygging av sosiale relasjonar så alle skal trivst.

Det er ei fin klasse med eineståande elevar, meiner den erfarne læraren, som påpeikar at prøvene ikkje handlar om å lese fortast råd, men om korleis elevane får med seg og tolkar innhald.

Tidleg innsats
Resultata av prøvene i 8.klasse, som blir tekne tidleg i skuleåret, skal måle kva kompetanse elevane har etter å ha fullført mellomsteget. Alt i fyrste klasse blir mykje av grunnlaget for leseforståing og leseglede lagt.

– Me var opptekne av å stimulere til leselyst alt frå starten, og brukte mykje tid på leseførebuande aktivitetar, leik, rim og regler. Frå 2. og 3. klasse la me mykje vekt på leseforståing. Å forstå det ein les og hugse det ein har lest er vesentleg. Dessutan var det eit godt foreldresamarbeid i klassa, og me oppfordra til dagleg høgtlesing heime. Det har nok vore veldig viktig, trur Ingun Garvoll, som var kontaktlærar for klassa på småskulesteget.

Snuoperasjon
For nokre år sidan var det naudsynt å gjere omfattande grep ved Rauland skule, mellom anna grunna eit uheldig miljø ved skulen. Unni Hansen blei hyra inn til eit toårig engasjement i rektorstillinga for å få skulen på føtene att, og skulen har i dag eit mykje betre miljø og eit heilt anna omdømme som resultat av denne satsinga.

Noverande rektor Sten Rune Sannerholt meiner det gode miljøet som no er blant elevar og tilsette har svært mykje å seie når det gjeld læringa til elevane.

– Det gjer at me kan bruke meir tid på å undervise, enn på å ordne opp i ting som ikkje har med undervisninga å gjere, seier han.

Sannerholt, som har vore skulesjef i Rauland i halvtanna år, legg òg vekt på kor viktig rolle foreldra spelar når det gjeld elevanes læring.

– Ein må stille høge krav til foreldra, og det er viktig at dei er på banen tidleg, både når det gjeld heimearbeid, men ikkje minst når det gjeld å bygge opp eit godt sosialt miljø i klassa, seier han, og fortel at mange har lagt merke til prestasjonen til raulendingane.

– Eg har fått mange gratulasjonar frå rådmenn og ordførar og andre embetsfolk, men den tilbakemeldinga som betydde mest var ei som kom frå ei mor, der ho skreiv at borna hennar kjenner seg trygge, treivst, og føler dei blir sett av læraren kvar dag. Miljøet er verkeleg eineståande ved skulen, avsluttar Sannerholt.

LES SAKA I VTB.NO!