Storberget går av

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Storberget går av

Statsminister Jens Stoltenberg kunngjorde i dag at Knut Storberget går av som justisminister.

– Det er ei god stund sidan han tok opp at han hadde lyst til å gå av. Han hadde tenkt å gå av etter kommunevalet, men på grunn av 22. juli blei han sittande lenger, seier Stoltenberg til NRK.

Statsministeren ønskte at Storberget skulle halde fram, men seier at han respekterer avgjersla.

– Eg forsto raskt at det å prøve å halde ein justisminister i ein jobb han over tid meiner han ikkje bør gjennomføre, fyrst og fremst ovanfor familien sin, så synes eg det var rett å oppfylle ønsket han hadde om å gå av, seier Stoltenberg til VG.no.

Stoltenberg rosa innsatsen til Storberget:

– Det er ein betydeleg politikar som går av som justisminister. Eg trur ein må vere justisminister for å forstå kor krevjande det er, sa statsministeren under pressekonferansen på Slottsplassen.

Faremo byttar statsrådstol

Grete Faremo tek over for Storberget. Ho blir erstatta av statssekretær i Forsvarsdepartementet Espen Barth Eide, som er utnemnd til ny forsvarsminister.

I tillegg blir namnet på Justisdepartementet endra til Justis- og beredskapsdepartementet. Påtroppande Justis- og beredskapsminister Grete Faremo får også eit ekstra ansvar med oppfølgjing av arbeidet etter 22. Juli.

Faremo har tidlegare vore justisminister i Jagland-regjeringa frå 1992-1996. Ho gjekk av som statsråd i 1996 etter avsløringane om at Politiets overvåkingstjeneste hadde overvaka Berge Furre mens han var medlem av Lund-kommisjonen.

Espen Barth Eide har vore statssekretær både i Utanriksdepartementet og i Forsvarsdepartementet. Barth EIde var sentral sentral i forhandlingene om norske kjøp av jagerfly som statssekretær i Forsvarsdepartementet.