Ta med mobilen på tur
Den Norske Turistforening (DNT) rår fjellvandrarar til å ta med mobiltelefon på tur.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjølv om mange fjellområde er utan mobildekning. er mobiltelefonen fin å ha i sekken.
– Mobiltelefonen kan vere eit nyttig hjelpemiddel. Den er eit supplement til, men må aldri erstatte vanleg fjellutrusting, seier Merete Habberstad, kommunikasjonssjef i DNT.
I årboka til DNT, «Dine hytter», er hyttene med mobildekning merkt av.
Turistforeininga har også laga 10 råd om mobilbruk på tur, som ligg ute på nettsidene deira. Habberstad oppfordrar folk på tur med telefon om å slå han på lydlaus når dei er inne på DNT-hyttene, og vise omsyn ved bruk. NPK