Årleg vert 6000 nordmenn råka av diabetes.

Inger Marie Lien/Studvest
Inger Marie Lien/Studvest
Faktaboks

Diabetes mellitus.

– Hormonsjukdom som inneber mangel på insulin, eller at insulinen ikkje verkar.

– Type 1 vil seie øydelegging av  dei insulinproduserande cellene.

– Type 2  er ein stoffskiftesjukdom som gjer at sukkernivået i blodet er for høgt fordi insulinet ikkje verkar. 

– Kvart år blir mellom 6000 og 7000 nordmenn råka av diabetes. 600 frå type 1- diabetes, resten blir råka av type 2.

– Rundt 25 000 nordmenn har type 1- diabetes.

– Rundt 350 000 nordmenn har type 2 – diabetes.

Kjelde: Norges Diabetesforbund.

LES FAKTALUKK FAKTA

Professor i hormonsjukdommar, Gunnar Mellgren, forklarer kva sjukdommen inneber.

 Kva er diabetes?

– Diabetes er ein hormonsjukdom der ein anten har absolutt eller relativ mangel på insulin, som gjer at kroppen ikkje klarer å regulere blodsukkeret sjølv.

Type 1-diabetes vil seie at ein har mangel på insulin, medan type 2-diabetes inneber at insulinet ikkje verkar godt nok.

Type 1 er mest vanleg hos unge, men vil kunne inntreffe i andre aldersgrupper også.  Dersom ein får for mykje insulin, og blodsukkeret går for langt ned, vil ein få føling. Ein kan begynne å kaldsveitte og få hjartebank. Vidare kan ein også få bevisstheitstap. Føling behandlast med sukker for å få opp att blodsukkeret på normalt nivå.

Kor utbreidd er sjukdommen?

Ein reknar med at ein til fem prosent av Norges befolkning har kjent diabetes. Nesten like mange kan ha type 2 utan å vite det.

I England reknar ein med at ein fjerdedel av dei som blir født i dag, vil utvikle diabetes på grunn av fedme, feil kosthald og for lite fysisk aktivitet.

I Norge er ikkje tala så dystre, men ein må likevel overvake sjukdommen nøye, spesielt med tanke på at over 20 prosent av den norske befolkninga har fedme. Ved BMI på 30 har ein person fedme, og om ein person har ein BMI på 40, kan han eller ho vere kandidat for fedmeoperasjon.

 Kor farleg er sjukdommen?

Følgesjukdommane som til dømes hjarte- og karsjukdommane er alvorlege og farlege. Personar med diabetes er utsett for desse sjukdommane fordi spesielt type 2-diabetes heng saman med overvekt.

–Eg vil ikkje kalle diabetes sjølvforskyldt, det handlar heller om at vi treng ei samfunnsendring for å bevisstgjere at kosthald og fysisk aktivitet er viktig for å motverke utvikling av diabetes.  

Kor dyr er denne sjukdommen for samfunnet?

– Den er veldig dyr for samfunnet, og det er eit vanskeleg regnestykke fordi det heng saman med forventa levealder.

Det handlar nok om mange millionar.

utstyret ein må ha for å måle blodsukkeret, kostar mykje. Medisinen til kroniske sjukdommar vil alltid vere dyr, fordi ein må bruke dei konstant, og ofte heile livet. Mange må tidleg ut av arbeidslivet, og dermed taper samfunnet arbeidskraft.

Mange av følgjesjukdommane inneber dyr behandling, som til dømes dialyse ved nyresjukdommar.

Tar folk for lett på sjukdommen?

For personar som er i faresona vil mykje av jobben liggje i å forhindre sjukdommen.

I forhold til diabetes er det seinkomplikasjonar som er farlege. Mange tenkjer nok ikkje over kva som skjer 20-30 år fram i livet når dei er unge, men det er dei langsiktige og langsame endringane som bør førebyggjast.

 Kva behandling finst?

Det er fleire typar behandling. Livstiltak er spesielt viktig ved type 2-diabetes.

Så har ein tablettar og insulin, og det har også kome nye medikament dei siste åra. Nokre pasientar brukar óg insulinpumpe. Sjølv om det går an å behandle følgjesjukdommane som hjarte- og karproblem, eller nyresjukdom, er det aldri ønskjeleg for ein person å ha slike sjukdommar.

Det er viktig å vere klar over at utbreiinga av type 2-diabetes ville vore mindre om ein hadde eit betre kosthald og meir fysisk aktivitet. Mange som slankar seg, eller gjennomgår fedmeoperasjon, vil ofte klare å bli kvitt diabetes type 2.

 Verdas diabetesdag blir arrangert 14. november, kvifor er dette ein viktig dag?

– Det er viktig med bevisstgjering rundt denne sjukdommen, spesielt fordi den er noko vi kan gjere noko med. Førebyggjing og riktig behandling vil ha stor betydning.

Endringar i samfunnet vårt som påverkar livsstilen vår, må nok til dersom vi skal kunne påverke ein så stor andel av befolkninga.    

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE