Bokfest på fotballbanen
Barnebokfestivalen Falturiltu har teke steget ut i idrettsmiljøet. Sjå videoinnslag her!


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rundt hundre born i aldersgruppa 8-10 år var samla i tåka på Vikahaugane tysdag kveld. Arrangementet Fotballfest er ein del av den pågåande barnebokfestivalen Falturiltu på Stord denne veka.
SJÅ VIDEO FRÅ FOTBALLFESTEN HER!
– Kvifor ikkje ta bøkene med ut der som folk er? Det er jo på fotballbanen folk er, seier fotballpappa og barnebokforfattar Roald Kaldestad i Falturiltu.
Forfattarane Lars Mæhle og Atle Berge, som begge har gjeve ut fotballbøker for born, var på plass og las frå bøkene sine.