Dette kan forstyrra hormona dine
Sjå lista over produkt som kan gi hormonforstyrringar!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forbrukarrådet vil ha forbod mot fleire kroppspleie- og kosmetikkprodukt etter funn av hormonforstyrrande stoff.
Forbrukarrådet er svært uroa etter at 1.244 av 3.000 kroppspleie- og kosmetikkprodukt dei har undersøkt inneheldt substansar som er på EUs prioriterte liste over hormonforstyrrande stoff.
– Produkta er så vanlege at det er umogleg for forbrukarar å unngå dei. Vi har eit for svakt regelverk på dette området i Noreg. Vi meiner dei burde bli forbodne, seier Audun Skeidsvoll, forbrukarpolitisk direktør i Forbrukarrådet.
Tidleg pubertet
Fleire forskarar mistenker ein samanheng mellom hormonforstyrrande stoff og tidleg pubertet hos jenter og dårlegare sædkvalitet hos gutar.
Forsking på dyr syner at stoffa kan gi auka førekomst av brystkreft, testikkelkreft og dårleg sædkvalitet. Forsøksrotter har fått avkom med deformerte kjønnsorgan. Forsøka viser at barn er spesielt sårbare, og det kan ta lang tid før resultata melder seg.
– Det er kanskje ikkje ei skadeleg mengd i eit enkelt produkt, men når ein ser på summen av alt ein får i kroppen, kan det fort bli ei skadeleg mengd, seier Skeidsvoll, som fryktar den såkalla «cocktaileffekten».
Forbode
Danske og franske styresmakter har allereie forbode fleire av stoffa. Forbrukarrådet oppfordrar no norske styresmakter til å gripe inn og ber også produsentane til å ta ansvar.
– Det går fint an å lage kosmetikk og kroppspleieprodukt utan desse hormonforstyrrande kjemikaliane.
Forbrukarrådet www.hormonsjekk.no har ei eiga side der ein kan sjå om produkta ein bruker inneheld hormonforstyrrande kjemikaliar. (©NPK)