– Kan tredobla inntekta på sau

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste ti åra har det blitt 8.000 færre sauebruk her i landet, men ein ny rapport konkluderer med at det er gode moglegheiter til å tena pengar på sau. Føresetnaden er at bøndene blir meir økonomisk medvitne.

– Undersøkingane våre viser at driftsresultatet blant sauebøndene varierer mykje. Vi meiner bøndene med enkle grep kan forbetra det økonomiske resultatet, og at dei har mykje å læra av kvarandre, seier prosjektleiar Margaret Eide Hillestad ved Landbrukets utredningskontor. Ho har saman med utgreiar Eivinn Fjellhammer laga rapporten «God drift viktigere enn antall sau?», som tek for seg økonomien i sauehaldet her i landet.

Rapporten byggjer mellom anna på ei spørjeundersøking med over tusen sauebønder frå heile landet.

Store variasjonar
Rapporten viser at det er store variasjonar mellom dei beste og dei svakaste bruka. Utrekningar viser at dei beste kan få eit resultat på 1.800 kroner per vinterfôra sau, medan dei svakaste bruka berre tener 600 kroner per vinterfôra sau. Det viser at det er mogleg å betra resultatet med opp til 1.200 kroner per vinterfôra sau for dei bruka som har svakast økonomisk resultat, meiner forskarane.

– Kva kjenneteiknar god drift?

– Det eine er at sauebøndene har god avdrått, seier Eide Hillestad. Det vil seia kor mange lam sauebonden klarer å levera til slakt per vinterfôra sau.

– Viss bonden greier å få 2,11 lam per søye, og han kan å levera 1,7 slaktelam om hausten per vinterfora sau, kan han gjera butikk av produksjonen. Men viss bøndene ikkje greier levera så mange lam per vinterfor sau, er det frykteleg vanskeleg å få inntekter, seier Fjellhammer.

LES OGSÅ: – Bææææ, me blir overvaka

For å auka talet på lam for dei sauene som får færrast avkom, oppmodar dei bøndene til å bruka ultralyd for å sjå kor mange lam sauene har. På den måten kan dei planleggja å adoptera bort lam frå sauer som får for mange lam, til sauer med berre eitt lam. I dag er det berre 37 prosent av sauebøndene som brukar ultralyd på denne måten.

– Bruk pengar med vit
– Det andre går på dei variable kostnadene, mellom anna på kostnader til å hausta graset. Då kjem vi fort over på investeringskostnader. Eit sauebruk kan ikkje finansiera siste skrik i traktor, seier Eide Hillestad.

Dei to forskarane oppmodar sauebøndene til å vera forsiktige med investeringar og sikra seg eit realistisk bilete av kor stor avkasting dei kjem til å få i høve til kva dei må ut med i renter og avdrag.

– Bøndene må sjølvsagt fornya og modernisera seg, men viss sauen skal bera ein lånekostnad til ein traktor til ein halv million og du har hundre sauer, så har du eit problem. Når du kjøper ny traktor må du difor vita at sauene klarer å dekkja kostnadene, seier Fjellhammer.

Kanskje er det meir lønsamt å kjøpa brukt, leiga utstyr eller leiga folk til å slå graset, meiner han.

Flest ikkje alltid best
For at eit sauebruk skal utgjera eitt årsverk, må bruket ha mellom 140 og 200 sauer, men dei to forskarane strekar under at det ikkje er nødvendig å ha så mange sauer for å tena pengar på sauehaldet.

– Det er ikkje slik at alle må ha 150 sauer. Det avgjerande er at du tener pengar på dei sauene du har. Du kan tena pengar på 50 sauer viss du har låge investeringskostnader og god avdrått, altså lam per vinterfora sau, seier Eide Hillestad.

Dei to forskarane meiner mellomstore bruk kan vera like bra eller betre enn få store bruk. Dei peikar på at å auka talet på sauer frå 50 til 200 isolert sett berre gjev ein gevinst på rundt 700 kroner per vinterfôra sau.

LES OGSÅ: Nytt nettverk vil fornya landbruket

Ved å redusera kostnadene og auka avdråtten kan gå bøndene derimot oppnå ein gevinst på 1.200 kroner per vinterfôra sau.

Etterlyser økonomisk medvit
Dei meiner det er eit problem at mange sauebøndene er for lite medvitne om kva som skal til for å tena pengar på sauehaldet.

– Dei kan godt snakka om kor mange sauer dei har fått, men dei snakkar ikkje om kostnadene sine, seier Fjellhammer.

Mange er heller ikkje medvitne på korleis dei kan auka inntektene.

– To tredeler har ikkje rekna på kor mykje grovfôret har kosta dei, og så mange som 30 prosent i spørjeundersøkinga seier at dei ikkje følgjer med på marknadsprognosane for sau. Dei reknar med at dei får levert sauen uansett. Det verkar som om at dei har ein jobb å gjera med å bli meir bevisste på at sau faktisk er ei næring, seier Eide Hillestad.

Dei to forskarane meiner det trengst fleire møtestader der sauebøndene kan snakka om økonomi og læra av andre som tener pengar på sauehaldet. (©NPK)

Kva meiner du bør gjerast for å oppretthalda fleire gardsbruk i landet?

Faktaboks

* I 2010 var det vel 14.000 sauebruk her i landet. Det er 8.000 færre enn i 2000.
* Det blir lagt ned meir enn 400 sauebruk kvart år.
* 5 prosent har sau som einaste inntektskjelde.
* 40 prosent av sauebøndene i granskinga brukar anna inntekt til å finansiera investeringar i sauehaldet.
* Offentlege inntekter utgjer for mange bruk over halvparten av inntektene
* Dei yngste sauebøndene har størst gjeld.