– Krev jobb som tillèt Facebook

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei ny undersøking svarer over halvparten at dei vil takke nei til ein jobb der dei ikkje kan bruke sosiale medium.

Sosiale medium er blitt så viktig for neste generasjons arbeidstakarar at mange vil takke nei til eit jobbtilbod om bedrifta ikkje tillèt bruk av sosiale nettverk som Twitter og Facebook i arbeidstida, ifølgje IT-selskapet Ciscos undersøking.

3000 studentar og unge under 30 år frå 13 land er intervjua om forventningar og prioriteringar når dei skal søkje jobb. Undersøkinga syner at mange ikkje ser på høg løn som det viktigaste.

Ein av tre prioriterer tilgang til sosiale medium, fleksibilitet og fridom til å velje mobil og nettbrett til bruk i jobben framfor løn. Og fleire enn halvparten av dei spurte opplyser at dei vil takke nei til eit jobbtilbod, eller finne ein måte å omgå reglane til verksemda på, om bruk av sosiale medium ikkje er lov.

TEMA: LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Vidare syner undersøkinga at verksemder er i gang med å ta forventningane til den yngre generasjonen på alvor. Mellom anna fortel ein av tre unge arbeidstakarar at ein av grunnane til at dei blei tilsett var kunnskapen deira om og erfaringa med sosiale medium og mobile plattformer. (©NPK)

Er sosiale media så viktig for deg at du ville takka nei til ein jobb som forbaud deg å bruka det?