Ubeskytta sex vert tema

Nordmenn er verdsmeistrar i ubeskytta sex, med masse kjønnssjukdom som resultat.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prevensjon og seksuell helse vert tema i nystarta Voss Røde Kors Ungdom.

– Måndag 24. oktober vart Voss Røde Kors Ungdom fødd, og me vog fire personar, seier Alexander Grande med eit smil.

21-åringen er ein av fire som er i gang i det førebels styret for Voss Røde Kors Ungdom. Med seg har han Christian Malemo (20), Marcus Tolley (17) og André Bolstad (16). Dei fungerer fram til organisasjonen skal ha sitt første årsmøte.

Sist veke hadde dei sitt første styremøte. Dermed er arbeidet i gang i den første ungdomsavdelinga nokon gong i Voss Røde Kors.

Alderen 13–30
– Det har vore prøvd før å starta opp ungdomsavdeling på Voss, men det gjekk ikkje. Denne gongen ser det ut til at me har eit bra grunnlag. Dette skal me få til, er Alexander Grande si offensive haldning.

I tillegg til eit godt styre, har dei brei støtte frå koordinatoren Linn Bratsberg, hovudstyret i Voss Røde Kors og distriktsleiaren i Bergen. Dei har også vore på to kurs, og kjenner seg klare.

Ungdomsavdelinga rettar seg mot menneske i alderen 13 til 30 år. Grande & co har alt teke eit val om kva dei spesielt skal engasjera seg i.

– Me har valt eit hovudfokus, og det er «Aktivt valg», som me trur det er lett å treffa ungdomen på.

Frå ungdom til ungdom
Aktivt val går mellom anna på kjønnssjukdomar. I fjor fekk 22.000 nordmenn chlamydia, og dei fleste er mellom 15 og 25 år. Smittetala for HIV og AIDS er også høge i Noreg.

Deira erfaringar, er at temaet er lettare å snakka om frå ungdom til ungdom.

– Når læraren skal snakka om kondom og sex, er han gjerne like flau sjølv. Bruk av kondom og å hindra kjønnssjukdommar er eit viktig tema for oss, og for heile Røde Kors Ungdom, seier Alexander Grande.

Dei jobbar for å få ned smittefaren. Det vil dei gjera gjennom å snakka om seksuell helse og kondombruk. Dei vil også halda stand og gå ut på skular. Metodane vert rollespel, leikar, kondomdemonstrasjon og opne diskusjonar. Dei vil også formidla kunnskap om HIV, AIDS og andre
kjønnssjukdommar.

– Me oppmodar kvar enkelt til å ta eit aktivt val for seksuell helse, seier Grande.

I 2007 delte Røde Kors Ungdom ut 200.000 kondom.

– Me jobbar for å gjera kondom gratis og lettare tilgjengeleg for alle.

Trengst på Voss
I tillegg er det to andre hovudtema dei kan ta opp. Dette gjeld migrasjon og mangfald, og reglar i krig. Masse informasjon er å finna på Røde Kors Ungdom sine nettsider.

Alexander Grande trur Røde Kors Ungdom trengst på Voss. Dei vil no jobba for å rekruttera medlemer, og planlegg ei aktiv helg i januar.

– Kva er grunnen til at du engasjerer deg?

– Eg har ein far som alltid har vore oppteken av hjelpekorps og redningshundar, og eg har alltid likt å driva frivillig arbeid. Når det er snakk om ungdom til ungdom, så kjenner eg at det engasjerer ekstra, seier laget sin primus motor.

– Men alle i styret har gjort like mykje for å få det i gang, poengterer han.

LES HEILE SAKA I AVISA HORDALAND!