Færre og færre bønder

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Småbrukarlaget fortel at 44.723 føretak i år søkte om produksjonstilskot. Det er 1.007 færre enn året før og svarar til ein nedgang på 2,2 prosent.

Nedgangen er størst blant mjølkeprodusentane. Etter ein nedgang på rundt fem prosent og nesten 5.000 færre mjølkekyr er det no 10.500 mjølkebønder att.

Talet på sau held seg nokolunde på same nivå som før, medan talet på søkjarar med verpehøns og slaktegris har gått ned med 4 prosent til høvesvis 1.700 og 2.100. Blant søkjarane med høner er det likevel berre 800 som har meir enn 20 høner, skriv Småbrukarlaget på nettsidene sine.

Mindre areal i drift
Det samla jordbruksarealet som er i drift, er for første gong no under ti millionar dekar. Kornarealet er det siste året redusert med 30.000 dekar. Det er det same som snittet dei siste åra.

Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uroleg for utviklinga.

– Effektane av dette gjer at vi kjem lenger unna måla for det norske landbruket og viser behovet for ein ny politikk. Når eit gardsbruk blir lagt ned, går ein tredel av arealet ut av drift. Nedlegginga av gardsbruk har difor mykje å seia for sjølvforsyningsgraden og mattryggleiken vår, seier ho. (©NPK)

Bør det gjerast noko for at ikkje fleire bønder skal gje opp? Sei meininga di i kommentarfeltet!