Vil gjere framtida nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk Målungdom er i gong med ein landsdekkjande aksjon for å «nynorskifisere» den digitale verda.

– Visste du at Windows finst på nynorsk? spør Martin Årseth.

– Det finst for mange snille nynorskfolk, synest Martin Dale Årseth, nestleiar i Studentmållaget i Bergen (SmiB).

Den nynorske digitaldugnaden som starta førre tysdag er meint å markere starten på ein felles innsats for nynorsk vekst i den digitale verda.

– Dei som skriv nynorsk har lett for å akseptere at målforma vert undertrykt. Det eksisterer mykje som ingen veit om, sånn som Windows. Då vert det jo ikkje brukt.

– Viktig og riktig
Gjert Kristoffersen, professor i språkvitskap og tidlegare leiar for forskargruppa i samfunn og språkendring ved Universitetet i Bergen (UiB), meiner det er viktig at nynorsken markerer seg i den digitale verda.

– Nynorsk er lite synleg i det offentlege. Å gjere han meir markert i nye medium er absolutt eit viktig arbeid. Eg trur målungdommen tenkjer veldig rett når dei går inn for å auke mengda av nynorsk nettinnhald, seier Kristoffersen.

Ved UiB brukar om lag 2500 studentar nynorsk, og universitetet leverer over kravet om ein firedel nynorsk i trykksaker. Likevel opplever Årseth at kunnskapen blant studentane varierer veldig, og at det kan vere problematisk å få tilbakemelding frå medelevar på dokument i nettsystemet Kark.

– Eg vil jo ha konstruktiv tilbakemelding på innhaldet, men i staden får eg spørsmål om ordtydingar. Det blir same prinsippet som at ein vil at folk skal sjå bort frå religion og hudfarge, synest SmiB-nestleiaren.

Tente med nettbruk
Viseformann i Riksmålsforbundet, Sverre Martin Gunnerud, meiner begge målformene tener på nordmenn sin aktive internettbruk. Kva effekt aksjonen kjem til å få meiner han vi må vente og sjå.

– Det er positivt at folk engasjerer seg i norsk språk, og aldri før har så mange skrive så mykje. Men effekten kan ikkje målast berre i krafta av initiativet, men og i kor stor grad arbeidet som vert gjort faktisk vert nytta. Kjem folk til å sjå filmar med nynorsk undertekst om dei får moglegheit, spør Gunnerud.

I første omgang må arbeidet som vert utført i dugnaden spreiast.

– Eg er usikker på korleis det er tenkt. Målsetjinga er sånn sett mest symbolsk, då det viktigaste er å vise at det finst interesse for å bevare nynorsken. Det er ikkje noko mål å få fleire til å skrive nynorsk, men at det skal vere eit alternativ for dei som er brukarar, meiner Årseth.

Uformell kommunikasjon
Gunnerud meiner det er stor grad av uorden i det som rører seg av norsk skriftspråk på nett.

– Alle kan sjå at det er rotete. Mykje vert skrive på andre målformer enn våre to normerte, fordi nettet er eit uformelt kommunikasjonsmiddel. Men alt i alt er den digitale verda eit gode for det norske språket.

SmiB har vore særleg aktive i omsetjinga av nynorskversjonen av Facebook, dei har gitt ut avisa Dagverd og deler ut klistremerke med «Nei til bokmålsreklame». Språkprofessor Kristoffersen har tru på at utviklinga av målforma no blir tatt i riktig retning.

– Aksjonen er viktig ettersom den både skapar nytt nynorsk innhald, blest rundt målforma og viser at ho kan brukast på moderne arenaer.

Riksmålsforkjempar Gunnerud meiner og dugnaden har eit viktig mål.

– Norsk er og blir eit aktivt kommunikasjonsspråk, og for å bevare ei målform må ho kunne sjåast, høyrest og lesast. Digitaldugnaden ser ut som eit tiltak for å styrke dette i nynorsken sitt namn.

LES SAKA I STUDVEST!