Kjempar mot fordommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med retro-møblar, magasin, skiftande kunst på veggane og stim frå kaffimaskina, er e@ i Straumen i Inderøy nesten heilt som andre kaffibarar. Men det er berre nesten. For her markerar Verdsdagen for psykisk helse, har nattope og er mest opptekne av å blande folk.

Hemmeleg brownies
– På kveldstid er milkshake og brownies bestselgjarane våre, gjerne i kombinasjon, fortel Silje Melhus Tobiassen, som jobbar frivillig på e@.

Browniesen har mest vorte ein institusjon, og folk kjøper gjerne med til slekt og vener rundt om i landet.

– Oppskrifta er sjølvsagt hemmeleg, men det gjer noko med smaken at den vert steikt i ein steinovn, og så kan vi røpe at det er mykje mørk sjokolade i, fortel dagleg leiar Hildegunn Nordli.

CV–bygging
På dagtid drikk pensjonistane kaffi på e@. Om kvelden kjem hybelbuarar, folkehøgskuleelevar og resten av ungdommen. 10-12 av dei jobbar der, heilt gratis.

LES OGSÅ: Dei er ikkje ein gjeng hippiar

– Eg tykkjer det beste er å lære seg kaffimaskina, og kunne lage verkeleg god kaffi, fortel Silje.

Det er alltid folk på venteliste for å få jobbe frivillig, og dei som har jobba der tidlegare har fått jobb på store kaffibarar og litt betre cv-ar.

– Vi får mykje ansvar her, noko som er veldig positivt, fortel Knut Brandsås.

Treffstad
For 15 år sidan vart e@ internettkafe starta. Bak stod ei gruppe engasjerte ungdommar, som ynskte seg ein plass å treffast.

– Det er veldig viktig for oss å vera ein arena der ulike grupperingar vert blanda. Og vi kanskje kan få bort nokre av fordommane mellom dei ulike gruppene, forklarer Hildegunn.

Når e@ skipar til nattkafé, vel ungdommen kaffibar framfor fest. Om lag kvar 3. fredag kan ungdommen på Inderøy vera på kafé til midnatt, spela og kanskje feire halloween.

– På e@ kan ein vera seg sjølv, treffe masse forskjellige folk og tenke på andre ting enn skulen og kvardagen. Det er ein god stad å vera, avsluttar Silje og Knut, før dei skjær opp meir brownies.