Åtvarar mot kritikk av overlevande

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje kritiser Utøya-ungdom

Under ein debatt i Stortinget torsdag sa Jette F. Christensen at den opne linja som er valt etter 22. juli må forvaltast med varsemd.

– I denne debatten må vi som politikarar slå tilbake mot dei som forfektar at Utøya-ungdommane kunne gjort noko annleis. La det vere heilt klinkande klart, alle ungdommane som var på den øya, gjorde alt riktig, sa Christensen

Måndag uttalte leiar av 22. juli-kommisjonen Alexandra Bech Gjørv at kommisjonen også vil granske ferda til Utøya-ferja MS Thorbjørn frå Utøya under massakren. Det har ført til fleire presseoppslag om at ferja forlét øya med berre eit fåtal ungdommar – inkludert AUFs leiing – kort tid etter at Anders Behring Breivik starta nedskytinga si.

– Det er ei gruppe som ikkje kunne gjort noko annleis. Det er ungdommane som var på Utøya. Dei valde ikkje ut frå forskjellige alternativ, dei reagerte ut frå instinkt. Dei var i livsfare, sa Christensen.

Ho oppfordra pressa og politikarane til å bruke moglegheita til å fjerne det grunnlause dårlege samvitet mange Utøya-ungdommar føler rundt dette.

– Vi veit at dette er noko av det som plagar dei mest, sa Christensen. (©NPK)

TEMA: Terroråtaket 22/7