Vi kan bli 15 milliardar på jorda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Befolkninga i verda vil truleg vere 10 milliardar i 2100, ifølgje FN. Men tala er usikre, og det er fullt mogleg at folketalet stig til 15 milliardar.

Det går fram av ein ny rapport som FNs befolkningsfond (UNFPA) la fram onsdag. Miljøminister Erik Solheim (SV) var til stades under ei markering i Oslo i samband med lanseringa.

Ein av grunnane til at det er vanskeleg å seie korleis folketalet vil utvikle seg, er at vi ikkje veit kor mange barn kvinnene i framtida vil velje å få. Små endringar i fertiliteten gir store forskjellar i prognosane 90 år fram i tid.

LES OGSÅ: Forbubbinga kan redda verda

Det er delte meiningar om kor alvorlege konsekvensane vil bli av at befolkninga på jorda framleis veks. Medan folketalet aukar raskt i ein del fattige land, har befolkninga byrja å falle i fleire land med høgt og middels inntektsnivå.

– Korleis vart vi så mange? Kor mange menneske kan leve av jordas ressursar? Dette er viktige spørsmål, men kanskje ikkje dei rette for tida vår. Når vi berre ser det høge talet, så risikerer vi å bli overvelda og miste av syne dei nye moglegheitene til å skape betre liv for alle i framtida, meiner UNFPAs leiar Babatunde Osotimehin. (©NPK)

Korleis trur du jorda vil takla befolkningsveksten? Kva vil den ha å seia for Noreg?