Eit Boogie Woogie studentliv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I helga mottok danseparet Susanne Sandberg og Thorbjørn Urskog Studentidrettsprisen i regi av idrettskretsen i Sør-Trøndelag, noko som ikkje var anna enn fortent då dei skilta med førsteplass i årets EM og VM. Neste år er dei klare for å forsvare tittelen på heimebane, då skal nemleg VM arrangeres i Noreg for første gong.

Trener tjue timar i veka
Til vanleg studerer dei begge ved NTNU, samstundes tek dei ei idrettsutdanning gjennom NTNU og olympiatoppen. I tillegg til dette trener dei minst tjue timar i veka. Det verkar kanskje som eit umogleg prosjekt, men med viljestyrke og sjølvdisiplin på plass tek dei utfordringa på strak arm.

– Det er perfekt å vere student når ein skal konkurrere grunna mykje reising og trening heile tida. Dersom ein hadde vert i arbeid hadde ein ikkje hatt den same fridomen, seier Sandberg.

Satsa på dansen
Det talentfulle danseparet kjem opphavleg frå Fauske i Nordland, men valde å flytte til Trondheim grunna det gode dansemiljøet. Då dei først flytta til byen bestemde dei seg for å verkeleg satse på dansen, og mange seirar rikare er det ei avgjerdsle dei ikkje angrar på i dag.

– Me har lagt mykje arbeid i det, men me hadde aldri klart det utan den gode støtta me har fått frå NTNUI og NTNUI dans, seier Sandberg.

Tidkrevjande
Boogie Woogie krevjer både tid og krefter, men danseparet veit kva dei driv med. Restitusjonstida mellom treningsøktene blir nytta til lesing, og ofte arbeidar dei meir intensivt frå måndag til torsdag grunna dei ofte må nytte fredagen til å reise. Når det gjeld kosthaldet følgjer dei ikkje eit strengt opplegg, men har et tilnærma normalt kosthald og held seg unna alkohol. Trass lange og travle dagar trives verdsmestrane veldig.

– Ein kan ikkje holde på med dette for alltid, difor er det viktig å nytte tida. Vi nyt det medan me kan, seier det nøgde danseparet

LES SAKA I UNDER DUSKEN!