Kva vil du testa i verdsrommet?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– YouTube Space Lab er eit prosjekt som tek magien til vitskapen ut til elevar i heile verda, seier Dr. Karl Kruszelnicki ved Universitetet i Sydney.

Saman med YouTube står den amerikanske, den europeiske og den japanske romfartsorganisasjonen saman om ein konkurranse for ungdom om matte og vitskap.

Konkurransedeltakarane blir oppmoda om å laga videoar på opptil to minutt som skildrar korleis dei vil utføra eksperimentet. Det er berre ungdom mellom 14 og 18 år som får delta.

– Hugs å skildra hypotesen din, metoden din og forventa resultat, minnar Dr. Karl om.

Deltakarane kan vinna spennande premiar, mellom besøk til romsenter i Köln, Russland eller Japan. Fristen for å delta er 7. desember.

60 eksperiment blir plukka ut på nyåret, og får vera med i finalen. Den verdskjente astrofysikaren Stephen Hawking er ein av dei som vil delta i juryen. Seks eksperiment vil bli plukka ut til å visast i vektlaus tilstand. Til slutt vil éin global vinnar i aldersgruppa 14-16 år og éin i aldersgruppa 17-18 år få eksperimentet sitt utført på Den internasjonale romfartsstasjonen (ISS).

Kva kunne du likt å finna ut om verdsrommet?