Svak studentstemme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  – NSO treng ei tydeleg kampsak, meiner medieekspertar.

6. oktober vart statsbudsjettet for 2012 lagt fram. Resultatet vart nok ein gong sinte pressemeldingar og klagesong frå forskarar, studentorganisasjonar og studentaviser.

– Og kven bryr seg eigentlig, spør Kaia Tetlie, tidlegare leiar for Studentersamfunnet i Bergen, i ein kommentar i Universitas.

– Forsking og høgare utdanning får ekstremt lite merksemd i andre medium enn studentmedia, særleg kring statsbudsjettet. Det er ingen nasjonal debatt, seier Tetlie til Studvest.

Usynleg premissleverandør
Tetlie er ikkje åleine om å meine at studentanes interesseorganisasjonar, med Norsk Studentorganisasjon (NSO) i spissen, nærast er usynlege i det nasjonale mediebiletet.

– NSO er sikkert synlege i studentmedia, men ikkje elles. Det krev ein del å nå gjennom lydmuren, seier Magnus Takvam, politisk kommentator i NRK. Eit søk på «Norsk Studentorganisasjon» i mediearkivet til Retriever, gjev 119 treff så langt i år i norske aviser.

– Det er veldig lite, seier Rebekka Kvelland og Atle Myre, kommunikasjonsrådgjevarar i Geelmuyden.Kiese.

– Om folk som fylgjer slik nokolunde med, ikkje kan si kva NSO står for, har dei ein jobb å gjera, seier Kvelland.

– Klarer ikkje prioritere

Eit problem for NSO er at dei ikkje klarer å prioritere ynskja sine, meiner Tetlie. Ho meiner det er eit paradoks at NSO ynskjer kvalitet, men samstundes klagar på for få studieplassar.

– Kan vi få både og? NSO sprer ynskja sine tynt utover, men manglar ein konkret kampsak, seier ho. Interesseorganisasjonar som ikkje tilpasser krava kan lett verte oppfatta som useriøse, ifylgje Takvam.

– Det er ein kjent sak at om ein vil oppnå noko i ein kamp om ressursar, lyt ein kunne prioritere kva ein set fyrst, seier kommentatoren.

– Forbetringspotensiale
Kim Kantardjiev, leiar for NSO, er skeptisk til å prioritere ei kampsak framfor alle andre.

– Det er rett at vi prioriterar fleire saker, men det er ikkje så mange: studentbustader, studiefinansiering og kvalitet. Eg har ikkje særleg tru på at vi får større gjennomslag om vi sirklar det inn til eit krav, seier han. Han er heller ikkje samd i at NSO er usynlege.

– Det er alltid eit forbetringspotensiale, men eg vil ikkje sei eg er usynlig. Ein lyt og hugse at det å vera synleg er eit virkemiddel, ikkje eit mål i seg sjølv, seier NSO-leiaren.

Kommunikasjonsrådgjevarane i Geelmuyden.Kiese har fylgjande råd til NSO:

– Spiss bodskapen og prioriter. Gjerrige politikarar elskar interesseorganisasjonar som ikkje klarer å bestemme seg, seier Myre.

Og forklar kvifor kampsaken er bra for fleire enn studentane sjølve. Er ikkje saken interessant for folk flest, er den heller ikkje interessant for politikarane, seier Kvelland.    

LES SAKA I UNIVERSITAS(på bokmål)

Faktaboks

 NORSK STUDENTORGANISASJON (NSO)

– Den største interesseorganisasjonen for studentar i Noreg.
Partipolitisk paraplyorganisasjon med 44 medlemslag.
Representerar om lag 200 000 studentar.
– Jobber for å betre studentars faglege, sosiale og økonomiske rettar.