Eldkule på himmelen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fenomenet vart mykje omtala på Facebook dei fyrste timane etter midnatt, og ildkula og drønnet vart kopla til ein satelitt som ifylgje nettstader skulle vera på veg mot atmosfæren og jorda. Knut Jørgen Røed Ødegaard hevdar det er ein meteoritt.

Frå politikammeret på Lillehammer har dei ikkje anna å melde enn at dei er klar over fenomenet, men dei har ikkje fått inn melding om noko konkret.

Frå dei attendemeldingane som er gjeve tyder det på at det er dei austlegaste stroka i Ottadalen som har fått merke dette best. Men ljoset er observert over heile Sør-Noreg.

Til Nrk/ho seier astronom Røed Ødegaard at det er tale om ein meteoritt som har dutte ned, og at drønnet kan koma frå at meteoritten braut lydmuren, ikkje nødvendigvis sjølve nedslaget. Han er interessert i alle observasjonar, og oppdateringar om hendinga i natt kan ein finne på bangirommet.no.

LES SAKA I FJUKEN!