Barn lærer seg å lesa betre dersom dei får lov til å leggja vekk leseboka og i staden boltra seg på PC-en.

mm

Bredtvet kompetansesenter er eitt av dei viktigaste statlege spesialpedagogiske sentra i landet. No går dei i bresjen for å endra den norske lese- og skriveopplæringa, skriv Dagsavisen.

Metoden «Å skrive seg til lesing» inneber at lesebok, blyant og papir er bytt ut med PC, tastatur og hovudtelefonar.

Det spesielle er at barna høyrer lyden av bokstavane dei skriv, og dermed raskt forstår det som er heilt grunnleggjande for å knekkja lesekoden, nemleg samanhengen mellom bokstavlyden og korleis bokstaven ser ut. Det er resultat frå skular i både Noreg og Sverige som gjer at ekspertar på leseopplæring meiner dei kan sjå eit klart mønster.

– Metoden kan revolusjonera lese- og skriveopplæringa, seier seniorrådgjevar og logoped Tone Finne ved senteret.

Ikkje berre knekkjer barna lesekoden raskare enn dei som får tradisjonell leseopplæring. Metoden førebyggjer og reduserer også omfanget av alvorlege lese- og skrivevanskar. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE