Ny milepæl for Wikipedia

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

15. oktober nådde norsk Wikipedia ein ny milepæl, 10 millionar redigeringar. Redigeringa vart gjort klokka 13.18.

Det finst i dag over 314.000 artiklar på norsk Wikipedia. Det betyr at svært mange av artiklane er forbetra mange gonger. Alle kan sjå kven som har gjort endringane steg for steg. Ein lesar kan enkelt følgje utviklinga av ein artikkel ved å sjå på kvar enkelt redigering. Det er mogleg å bla seg framover eller bakover i historikken.

Då er det lett å sjå kven som har gjort kva, viss ein vil måle til dømes studentar sin innsats.

– Alt som føregår på artiklane på Wikipedia er ope for alle, det er forma vår for kvalitetssikring. Vi som bidreg på dei norsk Wikipedia prosjekta håpar difor at norske professorar vil følgje i professor Martha Groom ved ved University of Washington-Bothell ved å utfordre studentane til å skrive på Wikipedia, seier Jarle Vines, styreleiar i Wikimedia Norge i ei pressemelding.

Dette inspirerte studentane fordi dei fekk langt fleire lesarar ved å bidra på Wikipedia enn det elles ville ha gjort . Dette har ført til ein vinn-vinn situasjon for studentane og engelsk Wikipedia.

Wikipedia er i dag det 7. største nettstaden målt i brukarar frå Noreg ifølgje Alexa. Den siste månaden gjekk Wikipedia forbi Dagbladet.

– Vi er klar over at ein god del brukar engelsk Wikipedia, men denne delen går ned etter kvart som kvaliteten på den norske Wikipedia aukar, seier Vines.