Fattige får mindre kakestykke

Regjeringa skryt av rekordsum til bistand. Likevel får fattige land ein mindre del av pengesekken enn i fjor.

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fattige får mindre kakestykke

– Eg er stolt over nok eit rekordhøgt budsjett for norsk utviklingssamarbeid. Men fattige land treng også fleire investeringar. Derfor styrkar vi innsatsen for å kople bistandspengar til gode investeringar som skaper utvikling, seier miljø og utviklingsminister Erik Solheim om bistandsdelen i statsbudsjettet.

Solheim kunne i dag avsløre at regjeringa vil gi 27,8 milliarder kroner til utvikling i fattige land i 2012. Det er 800 millionar kroner meir enn i fjor.

Kakestykket krympar
Trass i rekordsum frå regjeringa, har likevel prosentdelen av Noreg si brutto nasjonalinntekt som går til bistand minka.  

I dagens statsbudsjett vil regjeringa i 2012 gi 1 prosent av det ein reknar med å få i brutto nasjonalinntekt. Sjølv om regjeringa gir fleire kroner til bistand, har likevel kakestykket blitt mindre enn det var i budsjettet for 2011. Då var nemleg bistandsdelen 1,02 prosent av brutto nasjonalinntekt.

Året før, i 2009, gjekk ein endå større del av kaka til bistand, nemleg 1,09 prosent.

– Inga kvilepute
Den søkkjande bistandsprosenten haustar blanda reaksjonar.

– For Strømmestiftelsen er det vel så viktig kva pengane går til og at dei skaper utvikling – enn kor stor prosent av BNI løyvingane er, seier generalsekretær Øyvid Aadland.

I Flyktninghjelpen ser dei eit klart forbetringspotensiale i statsbudsjettet.

– Det er positivt at regjeringa aukar humanitære løyvingar, men ikkje tilstrekkeleg. Vidare skjemmast eit godt bistandsbudsjett av at den arabiske våren ikkje blir gitt nødvendig støtte og at Afghanistan ikkje får auka bistand, seier Elisabeth Rasmusson, generalsekretær i Flyktninghjelpen

LES MEIR: Treng fleire til årets viktigaste søndagstur

Dei som kanskje reagerer krassast på at bistandskakestykket er mindre i år enn i fjor, er AUF.

– Dette er det største statsbudsjettet Noreg har sett. Likevel får bistand ein lågare del. Når Noreg blir rikare må vi også evne å gi meir til dei fattigaste i verda. Vi kan ikkje la 1 % bli ei kvilepute – det er på tide med nye meir ambisiøse mål, seier AUF-leiar Eskil Pedersen.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR STATSBUDSJETTET!