Har klart å klone stamceller frå menneske

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har klart å klone stam- celler frå menneske

Amerikanske forskarar har for første gong klart å bruke ein kloningsteknikk for å få skreddersydde embryoniske stamceller til å vekse i menneskelege eggceller som ikkje er befrukta.

Resultatet er banebrytande, men vekkjer og uro mellom motstandarar av stamcelleforsking.

Forskarar ved New York Stem Cell Foundation Laboratory ville syne at det er mogleg å bruke kloningsteknikken SCNT for å skape embryoniske stamceller som kan matche ein pasient sitt DNA.

Forskingsresultatet blei lagt fram i tidsskriftet Nature onsdag.

Stamceller er celler som ennå ikkje er ferdig spesialisert, men som har evna til å utvikle seg til alle andre av kroppens celletypar.

Tilhengjarar av stamcelleforsking meiner dette er svært viktig og vil revolusjonere den medisinske utviklinga. Dersom ein kan klone fram stamceller, håper forskarar å kunne finne kurer og behandlingar for dei aller fleste sjukdommar og skader. (©NPK)

Bør forskarane halda seg vekk frå kloning av stamcellene til menneske?