Rekordstort ozonhol over Arktis
Mens forskarane i tiår har registrert store hol i ozonlaget over Antarktis, er no for første gong det same observert i Arktis.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekord- stort ozonhol over Arktis
Det nordlege ozonholet, som vart oppdaga i vår, strekte seg over 2,16 millionar kvadratkilometer, eit areal tilsvarande Mexico.
Som i Antarktis har det i Arktis vore påvist årlege variasjonar i ozonmengda i stratosfæren, men bortfallet av ozon har vore mykje meir avgrensa. I vår registrerte likevel forskarane for første gong eit ozonhol av tilsvarande dimensjonar som det over Antarktis.
Uvanleg langvarig kulde i den lågare stratosfæren førte til at over 80 prosent av ozonet forsvann i 18.000–20.000 meters høgd.
– Resultata våre viser at arktiske ozonhol kan oppstå ved langt mildare temperaturar enn dei vi finn i Antarktis, skriv forskarane i tidsskriftet Nature. (©NPK)