Best på sidemål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  Elevane frå fylket som gjekk ut av grunnskulen i vår, har levert svært gode resultat, syner oversikten som Utdanningsdirektoratet har offentleggjort. Resultata frå eksamen i grunnskulen våren 2011 viser at elevane i Sogn og Fjordane held seg i landstoppen når det gjeld resultat både i engelsk, matematikk og norsk.

I norsk sidemål går dei heilt til topps med eit snitt på 3,7 der det nasjonale snittet er 3,2.  For hovudmålet er tala 3,6 for fylket og 3,5 for heile landet. Elevane som var oppe til eksamen i engelsk har eit snitt på 3,9, landssnittet er 3,8. I matematikk fekk våre elevar eit snitt på 3,4 mot eit landssnitt på 3,1.

Utdanningsdirektoratet har via Skoleporten.no   , publisert karakterstatistikk for eksamen i grunnskulen 2011. Statistikken omfattar fag med sentral gitt eksamen og sentral sensur, melder Fylkesmannen.