Statsministerspire utan parti

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stats- minister- spire utan parti

Han er politikarspiren som alle dei lokale partia drøymer om å få med på laget, men førebels held han seg nøytral. Leiaren i Farsund Ungdomsråd, Kai Steffen Østensen, må smile når han blir konfrontert med statsministerspådommane.

− Eg har høyrt det frå både fleire lokalpolitikarar og andre sambygdingar, og det er så klart gøy å høyre at folk har trua på meg. Slike tilbakemeldingar får meg til å ville jobbe vidare for at Farsund skal bli den beste kommunen i landet.

Men den ettertrakta 16-åringen er ikkje med i eit politisk parti – enno.

− I ungdomsrådet har vi inngått ein stille avtale om at vi skal vere partipolitisk nøytrale, fortel han.

Smaken på engasjement
For Kai Steffen Østensen starta «karrieren» som engasjert i 7. klasse, då han blei med i organisasjonen MOT. Der tok han raskt ei leiarrolle, og sidan har han blitt med på både det eine og det andre.

− Eg synest det er viktig å ha styr på ting, og likar å ha kontroll, seier han.

Og styr på ting fekk ungdommane i Farsund då dei med Kai Steffen og ungdomsrådet i spissen fekk lokalpolitikarane til å bygge om ein gammal kino til ungdomshus, med både ungdomsklubb, kulturskule – og nyoppussa kino. I tillegg har dei fått ein skatehall.

− Så klart er det ein liten prosess å få til slike ting, men ungdomsrådet har jo fått eit godt rykte på seg for gode initiativ dei siste åra og då er det kanskje også lettare å få gjennomslag for sakene sine, fortel Kai Steffen entusiastisk.

LES MEIR: Fleire kommunar utan ungdomsråd

At folk i Farsund støttar initiativa deira, blei også synleg då ungdomsrådet arrangerte minnemarkering etter 22. juli, og nesten ein tredjedel av kommunen sine 9000 innbyggjarar dukka opp.

Truverdige
− Eg synest det er viktig å framheve at dei fleste ungdommar er veldig engasjerte sjølv om dei vaksne trur noko anna. Sjølv om dei ikkje viser det alltid har dei ei meining, og ofte gode forslag til ting som bør endrast, seier ungdomsrådleiaren.

I Farsund er ungdom mellom anna opptekne av kollektivtransport, eit tilbod dei synest er altfor dårleg.

− Siste buss går kl.20. Det skal vi i ungdomsrådet forbedre.

Ungdomsrådet driv også ein eigen anti-mobbekampanje i 5.-6.-7.-klasse i kommunen. Der legg dei vekt på at mobbaren kan vere kven som helst, og at alle kan vere eit offer.

− Fleire i rådet har opplevd å bli mobba, også eg sjølv, og derfor synest vi dette arbeidet er ekstra viktig. Eg trur vi blir meir truverdige i det vi snakkar om når vi har opplevd det sjølv, fortel Kai Steffen og legg til:

− Det er ikkje absolutt ikkje slik at vi i ungdomsrådet nødvendigvis er med i dei mest populære gjengane i byen.

Leiarlyst
Kai Steffen legg ikkje skjul på at det er stas å vere leiar i eit ungdomsråd som får ting til.

− Det er gøy å vere leiar for ein gjeng ungdommar som tør å vise seg fram og gjere ein forskjell, det gjer jobben min endå kjekkare. Eg elskar å vere leiar.

LES MEIR: Storsatsing på ungdomsråd

Sjølv om han ikkje er politisk engasjert, har han gjort seg opp ei meining om kva han ville stemt dersom han hadde vore gammal nok til å stemme.

− Då hadde eg valt SV lokalt, og Høgre nasjonalt, seier han, og utdjupar den noko uvanlege kombinasjonen.

− Når eg tenker på lokalsamfunnet, synest eg det er SV som har den beste politikken for meg sjølv og andre ungdommar her i Farsund. Men dersom eg skal tenke på heile landet meiner eg Høgre er det beste alternativet.

Om engasjementet i ungdomsrådet føret til at han kjem til å engasjere seg politisk seinare, har Kai Steffen ikkje bestemt seg for heilt endå.

− Eg er usikker på om det er politikar eg skal bli. Men eg har ein draum om å jobbe innan tv. Det er viktig å tørre og vise delar av seg sjølv.