Varslar ny skattedebatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DEBATT: På tide med høgare skattar?

– Eg ønskjer ny debatt om skatteløftet. Dette er éin av tinga eg vil snakka til landsstyremøtet om i helga, seier Kristin Halvorsen til Aftenbladet.

I 2005 gjekk den raudgrøne regjeringa til val på eit løfte om ikkje å auka skattane frå 2004-nivå, det såkalla skatteløftet.

Halvorsen som i dag er kunnskapsminister, men som sat som finansminister før Sigbjørn Johnsen, seier brakvalet til Høgre er ein «wake up-call». Ho er oppteken av den komande eldrebølgja og presset dette vil skapa på utgiftene i omsorgssektoren.

LES OGSÅ: Bruker pengane til unge og ufødde

Partiet er dessutan i desperat jakt på nye vinnarsaker som kan snu den negative vinden for tida. Partiet fekk ikkje meir enn 4 prosent oppslutnad i kommunevalet, og i ei måling i Vårt Land denne veka var oppslutnaden på labre 3 prosent, langt under sperregrensa.

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha høge skattar

– Vi skal utvikla eit meir rettferdig skattesystem vidare. Vi treng ikkje kvila på det vi oppnådde i perioden 2005 til 2009, seier Halvorsen som meiner partiet no må leggja visjonar for tida etter 2013.

Halvorsen vil under landsstyremøte i helga også setja fingeren på kor det gjekk gale for SV etter at partiet kom til makta. (©NPK)

Kva synst du om å skru opp skattenivået for å få meir velferd?