– Må på banen no

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er viktig at næringslivet i regionen kjem på banen i størst mogleg grad no. Prosjektet har ein stor grad av realisme no, og det er viktig at me ikkje forset oss. «It’s now or never», som dei syng, sa varaordførar Arne Vinje i Vinje i Vest-Telemarkrådet tysdag.

Vinje kommune er ein av aksjeeigarane i Norsk Bane AS, og Arne Vinje har vore på fleire møter i høve til prosjektet.

Oppmodar fylkeskommunen
Regionordførar Anne-Nora Oma Dahle var oppteken av at fylkeskommunen måtte meir på banen i høve til høgfartsbanen.

– Den dagen me får banen er det ikkje på grunn av fylkeskommunen. Prosjektet blir heilt sikkert ein politisk dragkamp. Me var pådrivarar for Eidangerparsellen, no forventar me at fylkeskommunen går for Haukelibanen, sa Oma Dahle.

Neste viktige møte i samband med prosjektet blir tidleg i oktober. Der skal Arne Vinje vere med.

Positiv avkasting
– Det viser seg faktisk at prosjektet, om det blir gjennomført, vil gje ei positiv avkasting på line med oljefondet. Den store samfunnsmessige avkastinga gjer at det er realisme i dette. Det er dyrt, men det er likevel ikkje noko eineståande i så måte. Det er heller ikkje noko som tyder at midlar til ein slik bane vil gå utover midlar til vegsatsingar, sa Vinje.

Argumenta og skepsisen frå næringslivet i regionen har gått nettopp dette med vegkvalitet.

– Me har eit stort etterslep i høve til både riks- og fylkesvegar i regionen. At det no skal vere to pottar, ein til høgfartsbane og ein til veg, er det nok vanskeleg for næringslivet å tru på. Men for all del, ein slik bane ville vore fantastisk også for næringslivet, sa Olav A. Veum i Vest-Telemark næringsforum.

D-dag i november
Jernbaneverket er altså i ferd med å avslutte forprosjektet, og innstillinga går til departementet i slutten av februar 2012.

– Eg veit at skrivearbeidet tek til 1. november, så det betyr at konklusjonen ligg føre då. Det er også interessant å merke seg at Jernbaneverket har nærma seg konseptet som Norsk Bane har utgreidd. Det er snakk om dobbeltspor og det betyr også mest truleg tri stoppestader i Vest-Telemark. Eg føler me er nære ei historisk avklaring som gjer at Haukelibanen kan realiserast. Faren er at det er politiske grunnar som blir lyfta fram i staden for faglege grunnar. Derfor må me bokstaveleg talt på banen no, slo Vinje fast.

LES SAKA I VTB.NO!

Haukelibanen eller høgfartsring over Vestlandet, kva synst du er best?