Kyrkja treng deg


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Lite eller ingenting, mistenkjer eg, iallfall blir det naturleg å tru det om eg brukar meg sjølv som døme: Kva visste eg eigentleg om bispedømeråds- og menigheitsrådsvalet i min by og min del av denne byen, før eg sist måndag plutseleg skulle vera vakt ved akkurat denne seansen? Nettopp lite eller ingenting.

Like fullt er det eit val som eg og mange med meg har røysterett ved. Så då mor mi, som forresten jobbar i kyrkja, gav meg tilbod om å tene nokre kroner på å sitja vakt ved dette valet, vart eg fyrst og fremst oppglødd ved tanken på å kunne lære litt om ei eksotisk side ved det mangslungne norske folkestyret.

Eg er eit heller trulaust soknebarn, den typen papirkristen kvardagsheidning som det i dette landet finst millionar av, men eg las nokre davidssalmer over frukosten og møtte opp i vallokalet med den aller prestelegaste smilen min på slep. Det var forholdsvis enkelt å finne riktig rom, det var berre å gå dit ingen andre gjekk.

Eg fekk ei innføring i korleis det skulle føregå, kva eg skulle seia til veljarane vedrørande sjølve valprosedyren, avkryssingar og utstrykingar og bretting av papir, og så byrja ventinga: Eg sat på ein stol, og der sat eg i stor grad pal så lenge valdagen vara.

Vel, visse avbrekk vart det, og eg formeleg hoppa av stolen kvar gong eit av dei dukka opp i døropninga, til regel med eit heller spørjande uttrykk i andletet. “Velkomen,” ville eg seia, “kva sokn tilhøyrer du? Dét soknet, ja, då er det dette arket du skal ha. Kryss her og der, bla, bla, bla, og her har du bispedømerådsvalet, sett minst eitt tal, gjerne fleire, bla, bla, bla, penn finn du på bordet …”

Det vart ein vane til slutt. Men det skal ikkje stikkast under stolen at av dei fåe som var innom for å røyste ved dette allment nokså usynlege valet, var det mange interessante karakterar. Då reknar eg ikkje med dei som stakk hovudet inn og straks trekte det ut att, då dei hadde teke feil av dette vallokalet og det like jamsides. Nei, det var nok med dei som faktisk hadde tenkt å røyste, mest som ein kuriositet, men som ikkje hadde den ringaste aning om kva dette eigentleg gjekk ut på, til dømes kva dei ulike kandidatane stod for.

Løysinga dei fleste valde var nok å krysse av og nummerere heilt tilfeldig. Andre, som frå gamalt av kjende den eldre forhenverande klokkaren som var valvakt i lag med meg, spurde ganske enkelt henne kven dei burde røyste på. Ho ville då ta ein kik på røystesetlane deira og nærast føre hendene deira fram til dei rette rubrikkane, dei rette etter hennar skjønn i alle fall.

Men éi dukka faktisk opp som engasjerte seg, ho var i harnisk over mangelen på informasjon om dette valet ho unekteleg hadde rett til å ta del i, og fnaus av brosjyrane som låg ved inngangen, der dei ulike kandidatane hadde presentert seg. Det var visst berre pjatt det dei hadde å koma med, ho ville vita kor dei stod i saker som Israel! Abort! Kjønnsnøytrale ekteskap! Langt viktigare tema enn slike bagatellar som nestekjærleik og evig liv, med andre ord.

Ho hadde på ein måte rett, for eg rakk sjølv, i laupet av dei mange ganske fredelege timane eg sat der og overvaka demokratiet vårt, å studere brosjyrane om dei ulike kyrkjevalskandidatane: Ganske riktig var det veldig mange som tala for ei engasjert, open og folkeleg kyrkje, di færre som argumenterte for ei militant og intolerant ei, endå store delar av folket utvilsamt ynskjer seg det sistnemnde.

Eg har ei enkel oppmoding til dei mange statskyrkjemedlemene som vonarleg les denne teksten: Still sjølve opp som kandidatar, eller i det minste veljarar, ved neste kyrkjeval! Gud kan trengje assistansen dykkar i denne jotunheimen av eit land. Ja, byrjar ikkje folket snart å utvise litt gudsfrykt, så spørst om ikkje kyrkja må gå til slike eksessar som staten gjer i visse delar av Russland, for å få opp valdeltakinga der: Kjem du til vallokalet og røystar så blir du løna med ein pjolter. Dét hadde nok drege skarar også til kyrkjevalurnene.