Master gjev 79.000 meir i løn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For siviløkonomar er lønnsforskjellen på 79 000 kroner, viser BIs arbeidsmarknadsundersøking. Den  viser at lønnsforskjellen mellom bachelor – og masterstudentar i siviløkonomi er på 79 000 kroner. Tala gjeld for studentane som avslutta studia sine i 2010.

– Vi ser at ein stadig større del frå dei treårige bachelorstudia ynskjer seg en master, men ikkje alle er kvalifiserte, anten grunna fagleg bakgrunn eller nivå på karakterane. Dei unge ser at dei treng ein mastergrad for å få dei mest spanande jobbane, seier direktør for masterstudiar ved Handelshøyskolen BI, Ann Kristin Helgeland Calisch til nettavisa Hegnar Kvinner. Ho fortel at 70-75 prosent av siviløkonomistudentane vel å gå vidare på BIs masterstudium.

Suksess utan maser
Ved Norges Handelshøgskole i Bergen (NHH) tek derimot heile 98 prosent av studentane mastergrad.

– Men slett ikkje alle tek mastergraden hjå oss. Nokre tek den ved ei prestisjeskule i utlandet – men så å si ingen tek den ved andre norske høgskule, seier Kjetil S. Larssen, konstituert studiesjef ved NHH

Det finst og dei som ikkje føl straumen og som oppnår suksess likevel. Ein av dei er Lars Kristian Kildahl (28), som toppar E24s liste over Noregs største leiartalent.

– Eg vurderte det slik at eg totalt sett ville stå sterkare med nokre års jobberfaring som corporate-medarbeider i Enskilda, for så eventuelt å ta ein mastergrad ved eit utanlandsk universitet, enn om eg hadde halde fram fem år på NHH i Bergen, seier Kildahl.

Han kjem med fylgjande råd til studentar som er usikre på kva dei skal velje.

Isolert sett vil nok ein master alltid vera å føretrekke framfor ein bachelor. Men eg trur nok ein kombinasjon av bachelor, litt arbeidserfaring og påfylgjande master er eit betre alternativ enn ein master direkte frå same utdanningsstad. Når det er sagt, så er det nok mange som aldri kjem seg tilbake på skulebenken at, når dei fyrst har byrja å jobbe.     

Les saka i Universitas (på bokmål)