Krafttak på Energikamp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag og fredag førre veke var det duka for action ved Songa dam.

Niandeklassingen Aslak Tveito (13) frå Åmot synast det var artig å lage solcellebil.

– Det var også moro å rappellere, det har eg nemleg aldri prøvd før.

Energikampen ved Songa dam er eit samarbeid mellom ungdomsskular og den vidaregåande skulen i Vest-Telemark, samt Energinettverket og lokale Statkraft. Fysikkelevane er lærarar for niandeklassingane, og under klassekampen kjempar ungdomsskuleklassene mot kvarandre.

Mange aktivitetar
Arrangementet starta opp i 2005 på spørsmål frå Statkraft lokalt. Energinettverket arbeidar også på nasjonalt plan med Statkraft sentralt som samarbeidspartnar.  

– 58 skular er deltakande i det nasjonale nettverket av ungdomskular og vidaregåande skular frå Finnfjordbotn i nord, Solør i aust, Bergen i vest og Lillesand i sør – seier prosjektleiar i Energinettverket Karl Torstein Hetland.

Torsdag morgon inntok niandeklassingane Songa. Elevane vart delte i grupper på tvers av klassene og vart nøydt til å samarbeide når dei skulle gjennom ulike stasjonar. På stasjonane sto fysikkelevane med utfordrande oppgåver og aktivitetar. Blant ana luftgeværskyting, pil og boge, rappellering, fysikkløype og quiz. På fredag var det tid for klassekamp med vassrakettoppskyting, dragkamp, tømmersaging og dragning av bil. Deretter premieutdeling og pokal til ei jublande klasse frå Edland.

Vassrakett i 200
Aslak Tveito hadde gode forhåpningar til klassas vassrakett. Niandeklassingane brukte om lag to veker å førebu rakettar både til presisjonsskot og lengde. Klassa frå Høydalsmo trakk det lengste strået, og vann vassrakettoppskytinga med ei lengde på heile 200 meter!

Aslak meiner det er viktig å delta på arrangement som Energikampen. Deltaking kan gjere elevane eit breiare innsyn til realfaget, vere med på å påverke studieretning og yrkesretning.

– Sjølv tenker eg å jobbe i Statkraft med energi når eg blir vaksen. Dette trur eg gjeld fleire av dei som er her på energikamp, avsluttar Aslak