Kvifor eg ikkje blei politikar

Det hender at du opplever ting som får deg til å tenke: Ja, eg har nok valt rett yrke likevel.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje for å skryte, men eg var ein gong gjest i same tv-program som Jens Stoltenberg. Eg hugsar ikkje kva eg gjorde der. Men eg hugsar kva Stoltenberg gjorde der. Han hadde nylig blitt statsminister. I dette programmet blei det vist eit klipp frå valnatta der Stoltenberg løfta armane over hovudet.

Menn i dress som løftar armane over hovudet ser aldri stilig ut. Dress inviterer ikkje til jubling. Alt er feil. Du klarer ikkje strekke armane heilt opp, for jakka strammar. Slipset strammar også. Og etter at du er ferdig med sigergesten, er faren stor for at skjorta heng utanpå buksa.

Stoltenberg såg heller ikkje veldig stilig ut der han strekte armane over hovudet. Og han visste det sjølv. Smilet var fårete og blikket flakka. Men han gjorde som heile valvaken forventa. Han strekte armane triumferande over hovudet.

Dette klippet satt vi altså i eit studio og såg på, nokre tilfeldige gjester i eit tv-program. Og Stoltenberg sjølv. Alle smilte eller fniste litt over statsministeren som måtte strekke armane over hovudet. Stoltenberg sjølv såg litt flau ut. Så slo han ut med armane og sa til alle i studioet: «Ja, men hva skal jeg gjøre da?!»

Nei, det er nettopp det.

Kva skal du gjere? Du har vunne valet, du har fått blomster, alle klappar. Det er berre ein ting å gjere: Du må juble. Armane må over hovudet. Slik er det berre.

Og dette er ein av grunnane til at eg aldri kunne blitt politikar.

Det er rett og slett for mange slike augeblikk i ein politikars liv, der du berre må seie «Men hva skal jeg gjøre da?» og så la det stå til. Du må løfte armane. Du må småprate jovialt. Du må smile til fotografen medan du tek eit stykke av bløtkaka dagen etter valet, og le høflig av vitsane om å «forsyne seg grovt av veljarmassen».

Dette hadde eg aldri klart. Ikkje i lengden. Eg er ikkje stolt av det. Absolutt ikkje. Dette er meg på mitt mest barnslige og jålete. Eg veit det. Og eg veit også at det å av og til sjå fjollete ut i dress er ein liten pris å betale for å få styre samfunnet.

Det hjelper ikkje. Eg ville aldri klart det.

Det finst sjølvsagt også mange andre grunnar til at eg aldri kunne blitt politikar. Eg er for eksempel ikkje så glad i møte. Eller dagsorden. Eller dress. Og så liker eg veldig godt å ombestemme meg, når det passar meg sjølv.

Og denne veka blei eg minna om hovudgrunnen til at eg aldri kunne blitt politikar: Eg ville aldri klart å gå av.

Det er vanskelig å gå av. Taiming er alt. Avgangen må komme som ei overrasking. Du må ha vore i jobben lenge nok til å imponere, men ikkje så lenge at du takkar av framfor ei forsamling der alle tenker «Det var pinadø på tide».

Og så er det tanken på livet etterpå. Rett etterpå. Det er den eg ikkje ville takla. Det er den som er grunnen til at eg, dersom eg var topp-politikar, ville ha venta altfor lenge med å gå av. Og når det endelig skjedde, ville eg ha halde denne talen:

«Kjære alle saman.

Eg har no vore aktiv i leiande stillingar i dette partiet i snart førtiåtte år.

Som de veit, så har det gått berre nedover med partiet i denne perioden, og det meste av det er min feil.

Likevel har eg klamra meg fast og kjempa som ein galen for å halde på posisjonane mine.

Det er fordi eg veit kva som skjer når politikarar går av. Då er det karriere-oppsummerande reportasjar på tv, fulle av arkivklipp. Det er karriere-oppsummerande bildeseriar på alle nettsider og i alle aviser. Då kjem alt tilbake: Alle dei dumme tinga eg har gjort. Alle dei idiotiske frisyrane. Alle dei stygge slipsa. Den gongen eg hoppa på trampoline. Alt det dumme eg har sagt, og når ein har snakka offentlig nesten samanhengande i førtiåtte år, då har ein sagt mykje dumt. Alle gongene eg har tatt eit kakestykke og smilt som ein tulling berre fordi ein fotograf bad meg om det. Alle gongene eg har løfta armane over hovudet sjølv om eg hadde dress og slips. Alt kjem tilbake og blir vist om att når ein går av. Om att og om att og om att.

Derfor har eg klamra meg fast så lenge.

Eg beklager.

Måtte arvtakaren min vere nokon som aldri gjer noko dumt, som alltid ser stilig ut på håret, alltid opptrer verdig og kler seg i tidlaus mote.

Lykke til. Eg går i baren.»

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 17. september.