Mjølkebonden på 21

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mjølke- bonden på 21

Regnet trillar lett på taket, og Karoline Skarprud (21) har tid til ei pause for å fortelje om oppvekst på gard, store avgjerder, lange arbeidsdagar og framtidsvisjonar som bonde.

Karoline flytta saman med foreldra til Moen gard, eller prestegarden som den er betre kjent som på folkemunne, som eittåring på starten av 90-talet.

– Mamma og pappa forpakta garden nokre år, før dei kjøpte han i 2003. Etter den tid har me bygd ut, og alle har vore med. Karoline er eldstejenta, ho har to yngre systrer og ein bror. Alle har vore flinke til å hjelpe til heime når det trengs.

– Me har bestandig fått lov til å vere med i fjoset. Me har videosnuttar av oss som småtrøll, me er så små at me knapt klarer å halde tåteflaska for kalven, ler Karoline.

Søve – den beste skulen
– Har det bestandig vore klart for deg at du skulle drive gard?

– Eg drøymde vel om anna i tenåra, men etter som tida gjekk blei det meir realistisk å gå denne vegen. Eg starta på Søve etter ungdomsskulen – ein fantastisk plass og den beste skulen. Det er dei tri beste åra i livet mitt, seier ho bestemt og oppmodar om at andre absolutt burde velje Søve vidaregåande skule.

– I løpet av tida på Søve bestemte eg meg. Eg ville ta over garden heime, men gå meir på skule og gjerne jobbe litt fyrst. Eg sikta meg mot forsvarets ingeniørstudie, men hadde ikkje alle faga som var naudsynte. Difor starta eg på landbruksskulen på Ås. Planen var å ta årsstudiet med matte, fysikk og kjemi slik at eg kunne søkje ingeniørstudiet, seier ho.

Bråbestemt
Men brått endra alt seg.

– Eit par månadar ut i studiet, skjedde ting heime. Mamma og pappa gjekk frå kvarandre og ville ikkje lenger eige garden saman. Brått måtte eg ta nokre val. Det blei eit hektisk år, eg studerte ferdig, var på skulen måndag til onsdag, sette meg i bilen og køyrde 21 mil heim til Kviteseid for å hjelpe til på garden. Søndag var det inn i bilen, 21 mil tilbake og studiar eit par dagar att. I juni i fjor var studiet over og eg starta opp på fulltid her heime, seier ho.

– Eg hadde eigentleg tenkt å gå på skule vidare, og me diskuterte ulike løysingar her heime. Pappa hadde framleis lyst til å jobbe på garden, og var viljug til å hjelpe meg. Me snakka om at dei skulle eige det vidare og eg forpakte, men det enda då med at eg kjøpte heile sulamitten, smiler ho stolt.

Ung og audmjuk
20 år gamal blei Karoline gardeigar og mjølkebonde og det blei rollebytte på heimplassen.

– Nja, pappa har nå ikkje heilt villa gjeve frå seg sjefsstolen da. Han kallar meg for sjef, og eg kallar han Guffen. Eg er nok ikkje heilt klar til å sjefe fullt enno heller, så me må nok likestille oss ei stund. Men han får bare vende seg til at eg er sjef i framtida, smiler 21-åringen lurt då pappa Vidar kjem innom fjoset og høyrer kva dottera seier.

– Jada, sjef, mumlar han og ler …  Det er lett å merke at det er ein god tone mellom sjef og gardsgut, og Karoline rosar det gode samarbeidet i kvardagen. Dei har begge full stilling i gardsdrifta, og veslesyster Elisabeth, som nå har starta på studiar, er ein god hjelpar i helgene.

– Elisabeth var her på fulltid i sommar. Då ho reiste på skulen blei det ein liten overgang, men det skal gå bra. Eg har god hjelp i dei andre syskena mine også når det er ting me må vere fleire om. Drifta er alt for stor for to åleine, så det er godt med god hjelp.

Tilleggsjord
I dag har Karoline 55 mjølkekyr, ho ventar 64 kalvar.  

– Den fyrste kalven kom 16. juni og i løpet av ein månad fekk me 49 kalvar.

– Jorda kring garden er ikkje nok, så me har ein del tilleggsjord som me leiger både her i Kviteseid og i Vrådal. Det tar mykje ekstra tid med farting, transport og henting her og der, men det er nå slik det er. Me må også kjøpe inn noko ekstra rundballar for å ha nok mat til dyra, fortel ho.

– Korleis er stoda i år, sidan det har regna så mykje?

– Graset har grodd det, men rundballane blei så våte. Det var aldri sjanse til å tørke før ein pakka. Eg veit det kjem til å bli ein tøff vinter med klaka ballar, og pappa gruar seg så han mest gret, seier ho. Ho fryktar at klaka rundballar vil by på problem.

– Fôrkuttaren som skjer opp rundballane er eg redd vil gå dukken.

Nye tider
– Korleis tenker du om drifta framover?

– Eg vil endre litt, og har bestemt at me skal kutte ut oksane som har vore i kaldtfjoset fram til nå. Per i dag har eg 28 oksar, som vil bli her denne vinteren også, men så er det slutt. Når eg kuttar ut dei, kan kvigene overta plassen til oksane og eg kan heller auke mjølkekyr. Men fyrst må eg få tak i større kvote. I dag har eg ei mjølkekvote på 319 tonn, og når eg driv åleine har eg lov til å ha opp mot 400 tonn. Så eg er interessert i å kjøpe kvoter av andre produsentar eller av staten, seier ho.

Fjoset til Karoline er godkjent for 70 mjølkekyr, så med dagens 55 produsentar har ho plass til fleire. Mange mjølkeprodusentar byggjer om til mjølkerobot i desse dagar, det har Karoline ingen planar om.

– Me brukar mjølkestall i dag, og det gjev ein god og fin kontakt med dyra. Eg trur nok at mjølkeroboten er framtida, men det ligg ikkje i planane mine nå. Eg trur heller ikkje at det fører til mindre arbeid for bonden, men ein kan styre dagane betre og ein blir meir fleksibel. Eg trur også at det er betre med måten eg driv. Eg ser kyrne to gonger til dagen, har kontakt med dei og merkar kva tilstand dei er i, om kyrne har vondt eller plagar, seier ho. Karoline trur kontakten betyr mykje for begge partar.

– Kyr er sosiale, og det beste ved dei er at dei er så nysgjerrige og glade i folk. Så lenge eg kan hugse har det stadig vore folk innom for å helse på dyra her, besteforeldre med barnevogn, barnehagegrupper eller skuleelevar. Det er bare kjempehyggeleg. Eg syns nå det er stas å vise fram dyra mine au, smiler ho.

Lange dagar
– Korleis er ein vanleg Karoline-dag?

– Få opp augo klokka seks, på med klede, ned bakkane til garden og starte stell og mjølking, stulling, måking. Det tar om lag tri timar, så stikk eg heim att og et frokost. Nå om dagane blir det forresten litt ekstra tid med kalvestellet i tillegg. Når eg kjem heim er det diverse heime som må gjerast i huset, og så prøvar eg å slappe av litt ein time før eg må ned att til kalvane i eitt-tia. Stell av dei tar ein time eller halvannan, seier ho. Dagen fortsett med faste gjeremål i fjoset, setje opp nye gjerde, ta ned eller flytte dei, hente rundballar, køyre vatn og kraftfôr.

– Ja, det går i grunn i eitt til det er klart for fjosstellet att. Me prøvar å kome i gang klokka fem med mjølking og stell slik at me er ferdig rundt ni-ti på kvelden.

– Lange tunge dagar og dette er meir ein livsstil enn eit yrke?

– Ja, det er hektisk men pappa og eg er einige om at me skal ta feriar av og til. Det er viktig å ha ting ein kan sjå fram til. Eg hadde lang ferie i vår, fem veker til Australia for å besøke veslesyster, og så har eg fast frihelg på ungkarsfestivalen. Det var tredje året eg var der i år, den helga er heilag, smiler ho.

– Men det blei ikkje napp?

– Nei, eg stressar ikkje med å stifte familie, gliser ho og stadfestar at statusen er singel.

Tar det som det kjem
– Eg bur ikkje på garden nå, men pappa og sambuaren bur i det eine huset, og bestemor i det andre. Det er godt å bu litt unna, på same tid som at eg veit at det er folk i tunet som ser etter dyra. Men korleis det blir i framtida veit eg lite om – kanskje eg flyttar når pappa skal på gamleheimen, ler ho.

– Trur du at du framleis er mjølkebonde på Moen om 20 år?

– Når eg tok over garden spurde alle: Vil du verkeleg detta? Men eg tek det som det kjem. Nå gjer eg det eg trivst aller best med her og nå. Eg trur det er viktig å ikkje leggje for mange planar for framtida, då er det lettare å bli skuffa. Ein veit lite om kva som skjer. Per i dag trivst eg som mjølkebonde, sjølv om eg ikkje ser meg sjølv på lik line med andre mjølkeprodusentar. Det er mange erfarne bønder rundt meg. Eg kan langt frå alt, og har ein lang veg ennå. Eg er yngre enn dei fleste andre som driv i bransjen, og temmeleg åleine som jente, seier ho.

Ho er fullstendig klar over at det ligg mykje arbeid i vente.

– Men det er ikkje mange som blir så glade av å kome på jobb kvar dag som det eg gjer. Å kome inn i fjoset og møte kyrne som blir like glade for å sjå meg kvar einaste dag, det er lykke. Dei er jau så søte desse dyri mine, og det er bare moro å halde på med dei, smiler ho og gjer ei av mjølkekyrne ein stor varm klem.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!