Finn festen hjå andre

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 25.03.2017 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig sosialt og ganske kjekt, fortel dei ferske hybelbuarane Ole Johannes Thue Jerving og Nils Johan Greve Lem. Lærdølane bur på hybel, og går på vidaregåande i Sogndal.

Skeptiske foreldre
Ole Johannes og Nils Johan bedyrar at foreldra deira var litt skeptiske til å sende dei av garde på hybel som 16- og 17 åringar.

LES OGSÅ: Når gode råd blir billege

– Eg pressa gjennom det å bu på hybel. Foreldra mine var veldig skeptiske, men no trur eg snart dei har fått at trua på meg, seier Nils Johan. Han er ein av om lag 250 hybelbuarar ved Sogndal vidaregåande skule, som utgjer ein tredjedel av elevmassen. Slik hybelburar gjer på vidaregåande skular i distriktet, der vegen er lang og bussturen tek over ein time.

Vaskar ikkje klede
– Klart det beste med å bu på hybel er det sosiale. Det er stort sett alltid folk innom her, fortel gutane. Likevel dreg dei helst på fest hjå andre. Dei merkar og at hybeltilværet har nokre baksider. Som å kjøpe maten sjølv, lage maten sjølv og rydde opp.

– Vi vil nok ha ein viss standard, for det er ikkje kjekt å kome på hybelen sundag kveld når det er heilt bomba. Men å vaske klede har vi ikkje lær enno. Så klesvasken vert med heim til mor, innrømmer gutane.

Smoothie og pannekaker
Då Framtida.no var innom, var gutane i ferd med å lage pannekaker. Og dei bedyrar at middag er viktig i kvardagen.

LES OGSÅ: Her er hybelfellene

– Vi har enno ikkje åte pizza til middag. Det går mykje i pasta, kyllingfilet og pannekaker som i dag. Både det å lage skikkeleg middag, og ikkje minst smøre seg matpakke er eit godt råd til andre hybelbuarar.

Om ein verkeleg kose seg, er smoothie eit av hybelbuarane sitt beste tips.

Her er oppskrifta smoothies:
Jordbær
Banan
Blåbær
Isbitar

– Skal den vera til rein nyting er det fint å ha oppi mjølk. Det fungerar mykje betre en yoghurt, fortel gutane.

Kva er dine beste hybeltips?

Fakta

Ole Johannes og Nils Johan sine hybeltips:

1. Strukturer kvardagen din.
2. Skaff deg ein TV.
3. Vær ven med dei du bur med, om du ikkje kjenner dei frå før bør du verte kjent med dei.
4. Trening gjev overskot og glede, også i hybelkvardagen.
5. Niste er tingen. Kantina bør vera forbode.
6. Lag middag.
7. Stikk alltid på fest hjå andre.
8. Skal du ha fest – ha eit veldig lukka arrangement.
9. Det er greitt å ha ein viss standard, sjølv på hybel.
10. Det er særs viktig å kose seg i hybellivet.