Nord-Korea: Seks millionar trua av svolt
Seks millionar nordkoreanarar, mange av dei barn, er no trua av svolt, åtvarar FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nord- Korea: Seks millionar svolttrua
Kommunistdiktaturet Nord-Korea har lenge slite med å brødfø befolkninga, og i år trengst heile 700.000 tonn mat utanfrå for å unngå ein svoltkatastrofe av dimensjonar.
– Over seks millionar menneske er no trua av matmangel dersom matvaresituasjonen ikkje blir betra, seier FAOs assisterande generaldirektør Hiroyuki Konuma.
FNs matvareprogram sendte i mai ut ein nødhjelpsappell som skulle dekke 310.000 tonn mat, men givarane stod ikkje i kø og berre 170.000 tonn blei lovd. Av dette er berre 30.000 tonn hittil levert.
Matmangelen har ført til alvorleg feilernæring i Nord-Korea, noko som særleg er synleg på barn under fem år. (©NPK)