Det er storleiken som tel, kjem det fram i ny undersøking. Sylfest Lomheim kallar undersøkinga tullete.

mm
Faktaboks

Noregs mest sexy dialektar:

1. Austlandsk: 24 %
2. Nordnorsk: 16 %
3. Trøndersk: 14 %
4. Sørlandsk: 10 %
5. Bergensk: 8 %
6. Stavangersk: 8 %
7. Sunnmørsk: 7 %
8. Haugesundsdialekt: 5 %
9. Hedmarksdialekt: 4 %
10. Østfoldsdialekt: 3 %

Les meir om dialektar på Wikipedia (bokmål) og (nynorsk)!

Les meir om norske dialektar på Wikipedia (nynorsk)!

LES FAKTALUKK FAKTA

I ei ny SIFO-undersøking gjort på oppdrag frå datingnettstaden E-kontakt.no, kjem det fram at austlandsk er Noregs mest sexy dialekt. Nordnorsk og trøndersk kjem på plassane bak.

– Me høyrer jo ikkje korleis folk snakkar når ein deitar på nettet, seier Karin Boo, som er kjærleikscoach i E-kontakt.no.

– Difor bad vi SIFO om å finne ut kva for ein dialekt det norske folka synst at er mest attraktiv.

I mellomsjiktet har vi folk frå Sørlandet, Bergen og Stavanger, og dei minst populære dialektane finn vi blant anna i Fredriksstad og Halden.

Meir detaljar
Men viss ein går bakom tala, viser det seg at austlandsk er sett på som mest sexy av skilte, enker og enkemenn – og mellom austlendingane sjølve. Og då særleg i aldersgruppa frå 65 år og oppover.

Stavangerdialekten, derimot, er tre gonger meir populær blant single enn mellom gifte og registrete partnarar. Og jenter i alderen 15 til 29 år reknar nettopp siddisdialekten som Noregs mest sexy.

LES OGSÅ: Lars Vaular får dialektprisen

Viss ein ser på tal frå kvar landsdel, er det folk frå Nord-Noreg som diggar sin eigen dialekt mest. To av tre i nord synst nord-norsk er landets mest sexy dialekt.

Totalt er det 885 som har svara i undersøkinga. 330 av dei kjem frå austlandet, 91 frå Nord-Noreg, 101 frå Midt-Noreg, 198 frå Vestlandet og 175 frå sørkysten.

Storleiken som tel
I undersøkinga er det berre undersøkt ti dialektar.

– Er det eit medvite val at de ikkje har spurt folk om sunnhordlandsdialekt, vossamaol, og sognamål, presseansvarleg ved E-kontakt, Kristin Alsvik?

– Me har berre tatt med dei største dialektane. Det kunne sjølvsagt vera relevant å ta med nokre andre dialektar.

– Kva er eigentleg austlandsk?

– Me har rekna det som det dei snakkar i og rundt Oslo.

– Kva dialekt snakkar du?

– Det er stavangersk. Eg hadde likevel ikkje tatt det så tungt om dialekten min hadde hamna heilt nedst på lista.

– Kva er sexy?
Me ringjer sogning, dialekt-ekspert og eks-direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, for å få ein kommentar til undersøkinga.

– Kva seier du til at undersøkinga viser at austlandsk er den mest sexy dialekten i Noreg?

– Viss fleirtalet av dei som svarar er frå Austlandet, så seier vel det seg sjølv. Elles må eg seia at det er overraskande.

Han seier at han saknar til dømes Hardanger-målet i Sørfjorden, sunnhordlandsdialekten og andre dialektar i undersøkinga.

LES OGSÅ: Sjekkesuksess på sognamål

– Austlandsk er så mange dialektar. Ta til dømes dialekten frå øvre del av Telemark – det er ein særmerkt og flott dialekt.

– Det er også viktig å bestemma seg for kva sexy er for noko. For mange unge i dag tyder ordet det same som interessant eller artig. Men spør du eldre menneske, så vil det ha med kjønnsforhold å gjera. I undersøkinga er det heilt uavklart kva sexy er for noko, seier språkprofessoren ved Universitetet i Agder.

I undersøkinga blir sunnmørsk rekna som det ein snakkar i Molde og Ålesund. Dette tilbakeviser Lomheim.

– Ålesund og Molde er bydialektar. Ålesundsdialekten er nær sunnmørsdialekten, som igjen er nær nynorsk.

– Di meir eg tenkjer på det, di meir useriøs synest eg undersøkinga er. Nærmast tullete vil eg seia.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE