Desse partia er dårlegast på nett
Politiske parti ikkje gode nok på nett, ifølgje direktorat.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dei politiske partia rettar seg framleis ikkje etter offentlege anbefalingar for tilgjengelegheit på nett. Dermed kan personar med nedsett funksjonsevne verte ekskluderte frå viktig informasjon nå før valet, seier direktør Hans Christian Holte i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).
– Utviklinga sidan dei tre førre vala er alt for svak. Nettet er ein viktig arena for dei politiske partia, og alle må kunne få tilgang, seier Holte i ei pressemelding.
Ingen får tilfredsstillande resultat
Verken når det gjeld tilgjengelegheit eller brukartilpassing, er det nokre av partia som oppnår det Difi karakteriserer som tilfredsstillande resultat. Alle partia i undersøkinga har fylkes- og lokalsider på nett og brukar desse til å publisere informasjon om sine kandidatar til valet. Derimot er det fleire av partia som enno ikkje har lagt ut sine lokale partiprogram i forbindelse med årets val.
LES OGSÅ: – Torget er viktigare enn Twitter
Arbeidarpartiet best
Arbeidarpartiet har den beste nettstaden av dei politiske partia, mens Sosialistisk venstreparti og Senterpartiet har dei dårlegaste.
Sjølv om Arbeidarpartiet kjem best ut av dei politiske partia, kjem dei likevel ikkje høgre enn 308. plass på rangeringa av offentlege nettstader, med 66% måloppnåing. Like bak kjem Høgre, Framstegspartiet og Venstre, mens Kristeleg folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk venstreparti dannar nedste del av partirangeringa.
Samanlikna med 2009 kan tre av partia vise til framgang, mens fire parti har gått tilbake. Senterpartiet har størst framgang med 13%, men endar totalt berre med 54% måloppnåing. Sosialistisk venstreparti står for den største nedgangen, frå 72% til 54%.
Årleg undersøking
Difi gjennomfører årleg undersøkingar av om lag 700 offentlege nettstader. I forbindelse med årets kommunestyre- og fylkestingsval har også dei politiske nettstadane vore under lupa i ei undersøking Difi har gjort i samarbeid med Deltasenteret og Aletheia kommunikasjon. Vurderinga tek utgangspunkt i kriteriesettet for offentlege nettstader, med kriterium særskilt tilpassa dei politiske partia.