Sauehaldarar med eigen «etterretningsteneste».

Jarle Kaldråstøyl, Sunnhordland.no
Jarle Kaldråstøyl, Sunnhordland.no

Via PC-en heime i stova har sauebønder på Stord i år kunna følgja dyra steg for steg på beite i Stordafjellet.

– Interessant. Også tidlegare har me stort sett visst kvar dei enkelte dyra heldt seg, men no får me det på ein måte dokumentert, seier leiar Tore Atle Sørheim i Stord sau- og geitalslag. Før fjellslepp i vår fekk laget tilbod om å leiga sendarutstyr og program. Laget takka ja på flekken.
 
Festa til klaven
– Det er eit nordnorsk firma som står bak eit system som særleg kjem til nytte i strok der rovdyr pressar tapsprosenten, opp. På Stord er me heldigvis sparte for slikt og skulle såleis kome bak i rekkja når det gjeld leige av dette utstyret som vert formidla via fylkesmannen. Men så fekk me likevel tilbodet og då ville me gjerne prøva det, seier Sørheim.

Han fekk 20 sendarar tilsendt. Desse vart fordelte i fleire flokkar. Sendaren var festa til klaven. Laget vil også neste år ha sendarane i Stordafjellet. Sørheim trur likevel ikkje det vil gå til innkjøp av slikt utstyr med det første.
 
Dyrt utstyr
– Nei, kvar sendar kostar i dag 1700 kroner. For oss står ikkje kostnaden i stil med nytten. Litt av årsaka til det ligg i manglande mobildekning. Særleg kan forholda vera vanskelege på vatnadalssida av Stordafjellet. Rett nok kan me i ettertid få teikna opp ruta sauen har gått også i dette området, men i det den går inn i området vert den merkt ut i raudt på kartet. Raudfargen tyder at dyret har lege i ro i tre timar eller meir. Normalt skulle det tilseia at me må opp og sjå til dyret. Det kan med andre ord fort bli ein bomturar eller to i løpet av beitesesongen, seier Sørheim.

LES OGSÅ: Nytt nettverk vil fornya landbruket

Han ser likevel fordelane som klart større enn ulempene.

Rask registrering
– Absolutt. Dyra har jo ein tendens til å trekkja ned frå fjellet om hausten. Med desse sendarane på kan me fort registrera kvar dei er og dermed raskt henta dei heim til rette beitet. Også i sjølve sankearbeidet på fjellet vil sendarane vera spara oss for arbeid. Produktet kjem likevel mest til sin rett hjå dei som har sau i rovdyrområde og i større besetningar som har eit større beite- og sankeområde, sluttar Sørheim.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!

Er meir overvaking og fleire teknologiske løysingar framtida til landbruket?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE