SV og Venstre mest pop blant unge
Det viser resultatet etter at 18.000 under 26 år har ”stemt” på Førstevalget.no.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nettstaden Førstevalget.no tek mål av seg å bidra til å auka valdeltakinga blant unge under 26 år. På nettstaden kan ungdom stemma på ungdomskandidatane til partia i alle fylke og kommunar i landet.
Olav Magnus Linge, leiar i Sosialistisk Ungdom, er nøgd med at partiet hans, SV, er på topp i Noreg, med 18 prosent av stemmene.
– Det er jo veldig gøy. Eg veit at veldig mange av folka våre mobiliserer på nett. Me treng mange nye kanalar å nå ut på, og dette er ein fin kanal å nå ut, seier han.
Tysdag kveld kjem resultatet av skulevala. Det vil bli ein endå tydelegare peikepinn på korleis det går i valet.
LES OGSÅ: – Gi ekstra stemme til unge
– Tydeleg ungdomspolitikk
SV, Venstre og Raudt er dei partia som gjer det høvesvis best på Førstevalget.no, i forhold til storleiken på meiningsmålingane blant folkesetnaden sett under eitt.
– Eg trur Raudt er populære blant unge. Me har også veldig ange flinke ungdomspolitikarar som klarar å kommunisera ungdomspolitikk. Me har også ein tydeleg politikk og kjem med tydelege krav, noko som skil oss ut frå mange andre. Ingen av ungdomspolitikarane våre er politikarkids følgjer i fotspora til foreldra, seier Marte Teigen, nestleiar i Raud Ungdom.
Trur på sosialt val
I tidlegare val har berre kring ein trededel av førstegangsveljarane nytta seg av stemmeretten. Elise Løland skal stemma for første gong i dette valet. Ho har vore med i prosjektgruppa for Mot til å meina, som er eit prosjekt som tek mål av seg å få fleire unge til å stemma. Ho har også vore med på å utarbeida Førstevalget.no.
– Sosiale media blir så absolutt avgjerande for å nå dei unge i valet, seier Elise Løland. Ho håpar og trur at også Førstevalet kan vera med på å få fleire unge til stemmeurnene.
QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet?
– Det skal bli spanade å sjå om Førstevalet har den innvirkninga på unge som me håpar på, seier Elise Løland.
Ho trur Facebook er den viktigaste kanalen å kommunisera med ungdom på:
– Det er der me brukar mykje av tida vår, kor me kommuniserar med andre, visar kven me er og kva me er opptekne av. Slik eg ser det så er sosiale media den staden ein har best sjanse for å nå fram til flest mogleg unge.
Faktaboks
Førstevalget er ei kampanjeside som skal auke valdeltakinga og det politiske engasjementet blant unge mellom 16-25 år. Kampanjen er blant anna støtta av Kommunal- og regionaldepartementet og vert drive av ungdomspolitikarar i heile Noreg.