Aldri før har noko parti gjort det så bra i skulevalet. Sjekk resultata her!

mm
Faktaboks

RESULTAT AV SKULEVALET:

Ap: 29,7 % (+6,3)
SV: 4,9 % (-5,4)
Sp: 4,9 % (-0,9)
KrF: 3,6 % (-0,1)
V: 6,8 % (+0,8)
H: 24,3 % (+8,1)
FrP: 16,5 % (-7,5)
R: 3,5 % (-1,3)

Sjå landsoversikten her!

Sjå resultata frå fylket ditt her!

Sjå tal frå skulen din her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Med 29,7 prosent av stemmene i skulevaret er det klart for rekord både for Arbeidarpartiet, og for noko parti nokonsinne.

– Valresultatet viser tydeleg at ungdom støttar opp om dei sosialdemokratiske verdiane, og at dei ynskjer å halda fram med fellesskap og mangfald framfor skattelette og større skilnader, seier AUF-leiar Eskil Pedersen til AUF.no.

– Det er gledeleg å sjå at ungdom er samde med oss i måla våre for samfunnet. No skal AUF bruke alle kreftene den siste veka på å drive ein framleis god og verdig valkamp, slik at vi overtyder endå fleire om å røysta Arbeidarpartiet og støtta opp om eit varmt og godt felleskapssamfunn, held han fram.

Høgre mest fram, FrP mest tilbake
Størst endring er det Høgre som opplever, med ein framgang på 8,1 prosentpoeng. Det er best sidan skulevala starta i 1989. Partiet er størst i Hordaland og Rogaland.

Mest tilbake går Framstegspartiet. Partiet går 7,5 prosentpoeng tilbake sidan rekordvalet deira for to år sidan.

Venstre går fram 0,8 prosent, og er no det fjerde største partiet blant ungdom. Berre éin gong før, i 1989, har partiet fått så mange stemmer i skulevalet. Unge Venstre er også tredje størst i Oslo med 9.1% (+0.5%).

– Dette er vakre tall, og gjev meg både pågangsmot og håp for valet på måndag. Unge Venstre skal ha mykje av æra for den liberale vinden som går over landet, og det er godt å sjå at unge mennesker likar politikken vår, seier Trine Skei Grande, leier av Venstre til ungevenstre.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE