– Snakk så eg forstår, lærar!

Skuleaksjonen Hei Verden inviterer no norske elevar til å engasjere seg for at elevar i Peru skal få gå på skule og lære på sitt eige språk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Born i Andesfjella i Peru får ikkje bruke sitt språk i skulen i dag. Mange quechuaborn kjem til skulen og møter ein lærar som  snakkar spansk – eit språk dei ikkje forstår.

– Dette er etterkomarane etter Inka-riket. Dei lever i fattigdom, og viss dei skal ha høve til å kjempa seg ut av fattigdomen, er dei avhengig av utdanning. Diverre er det mange som sluttar undervegs, fortel Kari Vestbø, dagleg leiar for Hei Verden til Framtida.no.

Ho påpeikar at dei elevane som får opplæring på eige språk i større grad fullfører utdanninga si.

– Då ser dei også at eg kan vera stolt over språket mitt, og stolt over kulturen min.

Fekk besøk av ”Garborg”
Kampanjen “Snakk så eg forstår” blei i dag lansert av sjølvaste Arne Garborg på Garborgsenteret på Bryne, i Sigve Bøe sin kropp. For 150 år sidan fekk Garborg ikkje bruke sitt eige språk i skulen.

– Femten år gammale kom æg på lærarskule og fekk onnervisning på dansk, æg vart – friogbevaremegvel skulemeister i sekstenårsalderen og talte Pontoppidans ”sprog” seks tima kvær dag med dei stakkars elevane, sa han.

100 elevar frå Lye og Rosseland var publikum på lanseringa. Dei vil få treffe Garborg, bli med på ei reise til Andesfjella og vere dommarar i den store dialektduellen.

På nynorsk
Kampanjen til Hei Verden er laga på nynorsk, slik at mange av dei 80.000 elevane med nynorsk som hovudmål får det på målforma si.

– Vi er svært glade for at Hei Verden gjennom kampanjen «Snakk så eg forstår» har synt at det går an å ta alle elevane på alvor, seier leiar i Noregs Mållag, Håvar B. Øvregård i ei pressemelding.