To av tre lærarar, 67 prosent, seier dei vil avskaffe dei nasjonale prøvane i skulen.

NPK-NTB
NPK-NTB

Dette kjem fram i ei spørjeundersøking gjort på oppdrag frå Utdanningsforbundet.

Lærarane vil avskaffe prøvane på grunn av utidig press og dårleg læring, viser undersøkinga Respons Analyse har gjort blant 1.000 lærarar, skriv Dagbladet.

To av tre lærarar svarar at dei er heilt eller delvis einig i at ordninga med nasjonale prøvar slik dei blir gjennomført og brukt i dag, bør gjerast slutt på.

– Undersøkinga viser at bruken og gjennomføringa av prøvane, og korleis resultata blir tolka, har vorte heilt feil, seier Mimi Bjerkestrand, leiar i Utdanningsforbundet, til Dagbladet.

Ho tolkar likevel ikkje undersøkinga som at lærarane er mot nasjonale prøvar i seg sjølv. Ho meiner problemet er merksemda rundt resultata og rangeringa av skulane og ikkje på dugleiken og kunnskapen til elevane. (©NPK)

Kva synst du om nasjonale prøvar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

ANNONSE